SalmeneKapittel 110

Av David. Ein salme. Herren sa til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til eg har lagt fiendane dine som ein skammel for føtene dine.»
Herren skal senda ut din mektige stav frå Sion: «Hersk midt mellom fiendane dine!»
Folket ditt stiller villig opp på din hærdag, i heilag prakt. Frå morgonrødens livmor kjem dogga av din ungdom til deg.
Herren har svore og angrar det ikkje: «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
Herren er ved di høgre hand, han knuser kongar på vreidens dag.
Han held dom over folkeslaga, fyller opp med lik, knuser hovud over den vide jorda.
Han drikk av bekken ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt.