SalmeneKapittel 123

Ein song for festreisene. Til deg løftar eg auga mine, du som tronar i himmelen.
Sjå, som auga til tenarar ser mot handa til herren sin, som auga til ei tenestejente ser mot handa til frua si, slik ser auga våre mot Herren vår Gud, til han viser oss nåde.
Ver oss nådig, Herre, ver oss nådig! For vi har fått meir enn nok av forakt.
Sjela vår har fått meir enn nok av spotten frå dei sorgfrie, av forakta frå dei hovmodige.