SalmeneKapittel 127

Ein song for festreisene. Av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til inga nytte. Dersom Herren ikkje vaktar byen, våkar vaktmannen forgjeves.
Det er til inga nytte for dykk å stå tidleg opp og sitja lenge oppe, og eta mødesamt brød. For han gjev sin kjære søvn.
Sjå, born er ein arv frå Herren, livsfrukt er ei løn.
Som piler i handa på ein helt, slik er søner fødde i ungdomen.
Sæl er den mannen som har fylt koggeret sitt med dei. Dei skal ikkje bli til skamme når dei talar med fiendar i porten.