SalmeneKapittel 141

Ein salme av David. Herre, eg ropar til deg, skund deg til meg! Høyr mi røyst når eg ropar til deg!
מִזְמ֗וֹר לְדָ֫וִ֥ד יְהוָ֣ה קְ֭רָאתִיךָ ח֣וּשָׁה לִּ֑י הַאֲזִ֥ינָה ק֝וֹלִ֗י בְּקָרְאִי־לָֽךְ׃ ‬
Lat bøna mi stå som røykjelse framfor deg, og hendene eg lyfter, som eit kveldsoffer.
תִּכּ֤וֹן תְּפִלָּתִ֣י קְטֹ֣רֶת לְפָנֶ֑יךָ מַֽשְׂאַ֥ת כַּ֝פַּ֗י מִנְחַת־עָֽרֶב׃ ‬
Herre, set vakt framfor munnen min, vakta døra til leppene mine!
שִׁיתָ֣ה יְ֭הוָה שָׁמְרָ֣ה לְפִ֑י נִ֝צְּרָ֗ה עַל־דַּ֥ל שְׂפָתָֽי׃ ‬
Lat ikkje hjartet mitt bøya seg mot det som er vondt, til å gjera ugudelege gjerningar saman med menn som gjer urett. Lat meg ikkje eta av deira lekre rettar!
אַל־תַּט־לִבִּ֨י לְדָבָ֪ר ׀ רָ֡ע לְהִתְע֘וֹלֵ֤ל עֲלִל֨וֹת ׀ בְּרֶ֗שַׁע אֶת־אִישִׁ֥ים פֹּֽעֲלֵי־אָ֑וֶן וּבַל־אֶ֝לְחַ֗ם בְּמַנְעַמֵּיהֶֽם׃ ‬
Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og refsa meg. Det er som olje på hovudet – lat ikkje hovudet mitt avvisa det! For enno bed eg mot deira vondskap.
יֶֽהֶלְמֵֽנִי־צַדִּ֨יק ׀ חֶ֡סֶד וְֽיוֹכִיחֵ֗נִי שֶׁ֣מֶן רֹ֭אשׁ אַל־יָנִ֣י רֹאשִׁ֑י כִּי־ע֥וֹד וּ֝תְפִלָּתִ֗י בְּרָעוֹתֵיהֶֽם׃ ‬
Domarane deira skal verta kasta ned frå berghammaren, og folk skal høyra orda mine, for dei er ljuvelege.
נִשְׁמְט֣וּ בִֽידֵי־סֶ֭לַע שֹׁפְטֵיהֶ֑ם וְשָׁמְע֥וּ אֲ֝מָרַ֗י כִּ֣י נָעֵֽמוּ׃ ‬
Som når ein kløyver og bryt opp jorda, slik er beina våre spreidde ved gravens gap.
כְּמ֤וֹ פֹלֵ֣חַ וּבֹקֵ֣עַ בָּאָ֑רֶץ נִפְזְר֥וּ עֲ֝צָמֵ֗ינוּ לְפִ֣י שְׁאֽוֹל׃ ‬
For mot deg, Herre Gud, er auga mine vende. Hos deg søkjer eg tilflukt, lat ikkje sjela mi gå til grunne!
כִּ֤י אֵלֶ֨יךָ ׀ יְהֹוִ֣ה אֲדֹנָ֣י עֵינָ֑י בְּכָ֥ה חָ֝סִ֗יתִי אַל־תְּעַ֥ר נַפְשִֽׁי׃ ‬
Vern meg frå snara dei har sett for meg, og frå fellene til dei som gjer urett!
שָׁמְרֵ֗נִי מִ֣ידֵי פַ֭ח יָ֣קְשׁוּ לִ֑י וּ֝מֹקְשׁ֗וֹת פֹּ֣עֲלֵי אָֽוֶן׃ ‬
Lat dei ugudelege falla i sine eigne garn, medan eg går trygt forbi.
יִפְּל֣וּ בְמַכְמֹרָ֣יו רְשָׁעִ֑ים יַ֥חַד אָ֝נֹכִ֗י עַֽד־אֶעֱבֽוֹר׃ ‬