SalmeneKapittel 44

Til kormeisteren. Av Korah-sønene. Ein læresalme.
Gud, med våre eigne øyre har vi høyrt det, fedrane våre har fortalt oss om den gjerning du gjorde i deira dagar, i gamle dagar.
Du dreiv ut folkeslag med di hand og planta dei inn; du knuste folka og let dei breie seg ut.
For det var ikkje med sitt eige sverd dei tok landet i eige, og deira eigen arm gav dei ikkje siger. Det var di høgre hand og din arm og lyset frå ditt andlet, for du hadde dei kjær.
Du er min konge, Gud! Byd frelse for Jakob!
Ved deg stangar vi ned våre fiendar, i ditt namn trakkar vi ned dei som reiser seg mot oss.
For eg set ikkje mi lit til bogen min, og sverdet mitt gjev meg ikkje siger.
For du har frelst oss frå fiendane våre, og dei som hatar oss, har du gjort til skamme.
Gud har vi lova heile dagen, og ditt namn vil vi prisa til evig tid. Sela.
Men no har du støytt oss bort og vanæra oss, du dreg ikkje ut med hærane våre.
Du lèt oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, plyndrar oss.
Du gjev oss bort som slaktesauer, og mellom folkeslaga har du spreidd oss.
Du sel folket ditt for ingenting og aukar ikkje prisen for dei.
Du gjer oss til spott for grannane våre, til hån og lått for dei som bur ikring oss.
Du gjer oss til eit ordtak mellom folkeslaga, folka rister på hovudet åt oss.
Heile dagen er skamma mi framfor meg, og vanæra dekkjer andletet mitt.
på grunn av orda frå dei som spottar og hånar, på grunn av fienden og den hemngjerrige.
Alt dette har kome over oss, men vi har ikkje gløymt deg, og vi har ikkje svike pakta di.
Hjartet vårt har ikkje vike attende, stega våre har ikkje bøygd av frå din veg.
Likevel har du knust oss der sjakalane held til, og dekt oss med dødsskugge.
Om vi hadde gløymt namnet åt vår Gud og rekt ut hendene mot ein framand gud –
ville ikkje Gud granska dette? For han kjenner det løynde i hjartet.
For di skuld blir vi drepne heile dagen, vi er rekna som slaktesauer.
Vakna! Kvifor søv du, Herre? Stå opp! Støyt oss ikkje bort for alltid!
Kvifor løyner du andletet ditt? Kvifor gløymer du nauda og trengsla vår?
For sjela vår er bøygd ned til støvet, buken vår klistrar seg til jorda.
Reis deg og hjelp oss! Fri oss ut for di miskunn skuld!