SalmeneKapittel 5

Til kormeisteren. Til fløytespel. Ein salme av David.
Lytt til orda mine, HERRE, gjev akt på sukket mitt.
Høyr på ropet mitt om hjelp, min konge og min Gud, for til deg bed eg.
HERRE, om morgonen høyrer du røysta mi. Om morgonen legg eg fram mi sak for deg og ventar.
For du er ikkje ein Gud som har glede av vondskap, det vonde får ikkje bu hos deg.
Dei hovmodige kan ikkje stå framfor auga dine. Du hatar alle som gjer urett.
Du tyner dei som talar løgn. HERREN avskyr den som utøser blod og driv med svik.
Men eg, ved din store miskunn, får koma inn i ditt hus. Eg kastar meg ned mot ditt heilage tempel i ærefrykt for deg.
HERRE, lei meg på din rettferds veg for fiendane mine skuld. Gjer vegen din jamn framfor meg.
For det er ikkje sanning i munnen deira, hjartet deira er fullt av øydelegging. Strupen deira er ei open grav, med tunga si talar dei glatt og sleisk.
Lat dei bera skulda si, Gud! Lat dei falla for sine eigne råd. Driv dei bort for dei mange syndene deira, for dei har sett seg opp mot deg.
Men lat alle som søkjer tilflukt hos deg, gleda seg. Lat dei jubla til evig tid! Breid vern over dei, så dei som elskar namnet ditt, kan fryda seg i deg.
For du, HERRE, velsignar den rettferdige. Du vernar han med velvilje som med eit skjold.