SalmeneKapittel 71

Hos deg, Herre, søkjer eg tilflukt. Lat meg aldri bli til skamme.
Fri meg ut og berg meg i di rettferd. Vend øyra ditt til meg og frels meg.
Ver ei klippe der eg kan bu, dit eg alltid kan koma. Du har gjeve påbod om å frelsa meg, for du er mitt berg og mi borg.
Min Gud, fri meg frå handa til den ugudelege, frå grepet til den som gjer urett og valdsbruk.
For du er mi von, Herre, min Gud. Du har vore mi trygge støtte frå eg var ung.
På deg har eg stødd meg frå mors liv. Du drog meg fram frå mora sitt skaut. Deg lovar eg alltid.
Eg har vore som eit teikn for mange, men du er mi sterke tilflukt.
Munnen min skal vera full av din lovpris, heile dagen av din herlegdom.
Kast meg ikkje bort når eg blir gammal. Forlat meg ikkje når krafta mi svinn.
For fiendane mine talar om meg, og dei som lurer på livet mitt, rådslår saman.
Dei seier: «Gud har forlate han. Forfølg han og grip han, for ingen kan berga han.»
Gud, ver ikkje langt borte frå meg. Min Gud, skund deg og hjelp meg!
Lat dei som står meg imot, bli til skamme og gå til grunne. Lat dei som søkjer ulukka mi, bli kledde i vanære og skam.
Men eg vil alltid vona og leggja endå meir til all din lovpris.
Munnen min skal fortelja om di rettferd, heile dagen om di frelse, for eg kan ikkje telja det.
Eg vil koma med Herren Guds veldige gjerningar. Eg vil minna om di rettferd, di åleine.
Gud, du har lært meg opp frå eg var ung, og til no har eg forkynt dine under.
Forlat meg ikkje, Gud, når eg blir gammal og grå, før eg får forkynt din arm for neste slekt, di makt for alle som kjem.
Di rettferd, Gud, når til det høgste. Du som har gjort store ting – Gud, kven er som du?
Du som har late meg sjå mange og harde trengsler, du skal på ny gjera meg levande og føra meg opp att frå djupa i jorda.
Du skal gjera mi storheit endå større, venda deg til meg og trøysta meg.
Så vil eg òg prisa deg med harpe for din truskap, min Gud. Eg vil spela for deg på lyre, du Israels Heilage.
Leppene mine skal jubla når eg spelar for deg, og mi sjel som du har løyst ut.
Tunga mi skal tala om di rettferd heile dagen, for dei som søkjer mi ulukke, er blitt til skamme og vanære.