SalmeneKapittel 84

Til kormeisteren. Etter Gittit-melodien. Ein salme av Korah-sønene.
Kor elska bustadene dine er, HERRE Sebaot!
Sjela mi lengtar, ja, tærest av saknad etter føregardane til HERREN. Hjarta mitt og kroppen min ropar med glede til den levande Gud.
Jamvel sporven har funne seg eit hus, og svala eit reir der ho legg ungane sine – ved altara dine, HERRE Sebaot, min konge og min Gud.
Sæle er dei som bur i huset ditt, dei lovar deg alltid. Sela.
Sælt er det mennesket som har si kraft i deg, som har pilegrimsvegane i hjarta.
Når dei fer gjennom Gråtedalen, gjer dei han til ein stad med kjelder. Ja, tidlegregnet sveiper han i velsigning.
Dei går frå kraft til kraft, til dei stig fram for Gud på Sion.
HERRE, Gud Sebaot, høyr bøna mi! Lyd etter, du Jakobs Gud! Sela.
Sjå, Gud, du som er vårt skjold, sjå på andletet til den du har salva!
For éin dag i føregardane dine er betre enn tusen andre. Eg vel heller å stå ved dørstokken i huset til min Gud enn å bu i telta til dei ugudelege.
For HERREN Gud er sol og skjold. HERREN gjev nåde og ære. Han held ikkje tilbake noko godt frå dei som vandrar ulastande.
HERRE Sebaot, sælt er det mennesket som set si lit til deg!