TitusKapittel 2

Men du skal forkynna det som høyrer til den sunne læra.
Dei eldre mennene skal vera nøkterne, verdige og sindige, sunne i trua, i kjærleiken og i tolmodet.
Likeeins skal dei eldre kvinnene oppføra seg slik det sømer seg for heilage, ikkje fara med sladder og ikkje vera slavar av mykje vin, men læra det som er godt.
Slik kan dei rettleia dei unge kvinnene til å elska mennene sine og borna sine,
til å vera sindige, reine, gode husstellarar, godhjarta og underordna sine eigne menn, så Guds ord ikkje blir spotta.
På same måten skal du formana dei unge mennene til å vera sindige.
I alt skal du sjølv vera eit førebilete i gode gjerningar. I læra di skal du visa reinleik og verdigheit,
og sunn tale som ikkje kan klandrast, så motstandaren blir til skamme og ikkje har noko vondt å seia om oss.
Slavane skal underordna seg herrane sine i alt, vera til glede for dei og ikkje seia imot,
ikkje stela, men visa all god truskap, så dei i alt kan vera til pryd for læra om Gud, frelsaren vår.
For Guds frelsande nåde har openberra seg for alle menneske.
Ho oppsedar oss til å seia nei til gudløysa og dei verdslege lystene, og leva sindig, rettferdig og gudfryktig i den noverande verda,
medan vi ventar på det sæle håpet og openberringa av herlegdomen til vår store Gud og frelsar, Jesus Kristus.
Han gav seg sjølv for oss for å løysa oss ut frå all lovløyse og reinsa for seg eit eige folk, ivrig etter gode gjerningar.
Tal om dette, forman og iretteset med all myndigheit. Lat ingen sjå ned på deg.