2. SamuelKapittel 22

David tala denne songen til Herren den dagen Herren hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul.
Han sa: Herren er berget mitt og borga mi og frelsaren min.
Min Gud er klippen eg søkjer tilflukt hos, skjoldet mitt og hornet som frelsar meg, festninga mi og tilflukta mi. Du er frelsaren min som bergar meg frå vald.
Eg ropar til Herren, han som er verd å lovprisa, og eg blir frelst frå fiendane mine.
For dødens brenningar omgav meg, fordervingas straumar skremde meg.
Dødsrikets band snørte seg rundt meg, dødens snarer kom over meg.
I mi naud ropa eg til Herren, til min Gud ropa eg. Han høyrde røysta mi frå tempelet sitt, og ropet mitt nådde øyra hans.
Då rista og skalv jorda, grunnvollane til himmelen dirra. Dei skalv fordi han var vreid.
Røyk steig opp frå nasen hans, fortærande eld frå munnen hans. Gloande kol flamma ut frå han.
Han bøygde himmelen og steig ned, med mørke skyer under føtene sine.
Han reid på ein kjerub og flaug, han synte seg på vengene til vinden.
Han sette mørker rundt seg som eit telt, vassrike skyer og tette skydekke.
Av glansen framfor han brann gloande kol.
Herren torna frå himmelen, Den høgste lét røysta si lyda.
Han sende ut piler og spreidde dei, lyn som jaga dei på flukt.
Havets djup vart synleg, grunnvollane til verda vart avdekte ved Herrens trugsmål, ved pusten frå nasen hans.
Han rekte handa ned frå det høge og greip meg, han drog meg opp frå dei veldige vatna.
Han berga meg frå min mektige fiende, frå dei som hata meg, for dei var sterkare enn meg.
Dei kom over meg på ulukkedagen min, men Herren var mi støtte.
Han førte meg ut på ein open plass, han berga meg fordi han hadde behag i meg.
Herren løna meg etter mi rettferd, etter mine reine hender gav han meg att.
For eg har halde meg til Herrens vegar og ikkje vendt meg bort frå min Gud.
For alle lovene hans har eg for auga, og frå forskriftene hans har eg ikkje vike.
Eg var heil i mi ferd for han og vakta meg for synd.
Herren løna meg etter mi rettferd, etter mi reinleik for auga hans.
Mot den trufaste viser du deg trufast, mot den ulastelege viser du deg ulasteleg.
Mot den reine viser du deg rein, men mot den rangsnudde viser du deg sløg.
Du frelser det audmjuke folket, men augo dine er mot dei hovmodige, og du audmjukar dei.
For du er lampa mi, Herre, Herren lyser opp mørkret mitt.
For med deg kan eg springa mot ein hær, med min Gud kan eg hoppa over ein mur.
Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.
For kven er Gud utan Herren? Og kven er ei klippe utan vår Gud?
Gud er mi sterke festning, han gjer vegen min fullkomen.
Han gjer føtene mine som hjorteføter og set meg på høgdene mine.
Han lærer hendene mine å strida, så armane mine kan spenna ein boge av bronse.
Du har gjeve meg frelsa di som skjold, og din velvilje har gjort meg stor.
Du har gjort rom for stega mine under meg, og anklane mine vaklar ikkje.
Eg forfølgde fiendane mine og øydela dei, eg snudde ikkje før dei var utsletta.
Eg knuste dei og slo dei ned så dei ikkje reiste seg, dei fall under føtene mine.
Du rusta meg med kraft til krigen, du tvinga motstandarane mine i kne under meg.
Du fekk fiendane mine til å snu ryggen til meg, og dei som hata meg, utrydda eg.
Dei ropa, men det var ingen som frelste dei. Dei ropa til Herren, men han svara dei ikkje.
Eg knuste dei som støv på jorda, som søle i gatene trakka eg dei ned og spreidde dei.
Du berga meg frå stridane med folket mitt, du sette meg til hovding over folkeslaga. Eit folk eg ikkje kjende, tener meg.
Framande krøkjer seg for meg, så snart dei høyrer om meg, lyder dei meg.
Framande visnar bort og kjem skjelvande ut frå borgene sine.
Herren lever! Lova vere klippen min! Opphøgd vere Gud, klippen som frelser meg!
Gud gjev meg hemn og legg folkeslag under meg.
Han fører meg bort frå fiendane mine. Du løftar meg over dei som reiser seg mot meg, du bergar meg frå valdsmenn.
Difor vil eg prisa deg, Herre, mellom folkeslaga og lovsyngja namnet ditt.
Han gjev store sigrar til kongen sin og viser miskunn mot den han har salva, mot David og ætta hans til evig tid.