2. TessalonikerneKapittel 2

Vi bed dykk, sysken, når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og vår samling hos han:
Lat dykk ikkje så snart bli skaka i sinnet eller urolege, verken ved ei åndsopenbaring, ved eit ord eller ved eit brev som skal vera frå oss, om at Herrens dag alt er komen.
Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma, og lovløysas menneske bli openberra, fortapingssonen,
han som står imot og opphøgjer seg over alt som blir kalla gud eller heilagdom, så han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.
Minnest de ikkje at eg sa dette til dykk medan eg endå var hos dykk?
Og no veit de kva som held att, for at han først skal bli openberra i si eiga tid.
For løyndomen i lovløysa er alt verksam, men han som no held att, må først bli teken bort.
Då skal den lovlause bli openberra, han som Herren Jesus skal tyna med anden frå sin munn og gjera til inkjes ved glansen av si kome.
Han som kjem etter Satans verksemd, med all makt og med løgnaktige teikn og under,
og med all urettferds forføring mot dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga så dei kunne bli frelste.
Difor sender Gud ei villfarande kraft over dei, så dei trur løgna,
for at alle dei skal bli dømde som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i urettferda.
Men vi er alltid skuldige å takka Gud for dykk, sysken som er elska av Herren, fordi Gud valde dykk ut som førstegrøde til frelse ved helging i Anden og tru på sanninga.
Til dette kalla han dykk ved evangeliet vårt, så de skal vinna herlegdomen åt vår Herre Jesus Kristus.
Så stå då fast, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har lært, anten det var ved ord eller ved brev frå oss.
Og må vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud vår Far, han som har elska oss og gjeve oss ei evig trøyst og eit godt håp i nåde,
trøysta hjarta dykkar og styrkja dykk i kvar god gjerning og tale.