2. TessalonikerneKapittel 3

Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord må ha framgang og bli æra, slik som hos dykk.
Be òg om at vi må bli fria frå vrange og vonde menneske, for det er ikkje alle som har trua.
Men Herren er trufast. Han skal styrkja dykk og verna dykk mot det vonde.
Vi har tillit til dykk i Herren, at de både gjer og vil halda fram med å gjera det vi pålegg dykk.
Må Herren leia hjarta dykkar til Guds kjærleik og til Kristi tolmod.
Vi pålegg dykk, sysken, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de skal halda dykk borte frå kvar syster eller bror som lever uordentleg og ikkje etter den overleveringa dei fekk frå oss.
De veit sjølve korleis de skal følgja vårt føredøme, for vi levde ikkje uordentleg blant dykk.
Vi åt heller ikkje brød hos nokon utan å betala for det, men vi arbeidde med strev og slit natt og dag, så vi ikkje skulle vera til byrde for nokon av dykk.
Det var ikkje fordi vi ikkje hadde rett til det, men for å gje dykk eit føredøme å følgja.
For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.
Vi høyrer nemleg at somme blant dykk lever uordentleg; dei arbeider ikkje, men steller seg inn i det som ikkje kjem dei ved.
Slike menneske pålegg og formanar vi i Herren Jesus Kristus at dei skal arbeida i stillheit og eta sitt eige brød.
Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det gode.
Om nokon ikkje lyder ordet vårt gjennom dette brevet, så merk dykk kven det er, og ha ikkje omgang med han, så han kan skjemmast.
Rekna han likevel ikkje som ein fiende, men forman han som ein bror.
Må fredens Herre sjølv gje dykk fred alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle.
Helsinga med mi eiga hand – Paulus. Dette er eit kjenneteikn i kvart brev. Slik skriv eg.
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle.