2. TimoteusKapittel 2

Du altså, barnet mitt, ver sterk i nåden som er i Kristus Jesus.
Og det du har høyrt frå meg framfor mange vitne, gjev det vidare til trufaste menneske som vil vera i stand til å læra det vidare til andre òg.
Lid vondt saman med meg som ein god stridsmann for Kristus Jesus.
Ingen som gjer krigsteneste, viklar seg inn i det daglege livets gjeremål, så han kan gleda den som har verva han.
Og om nokon tevlar, får han ikkje sigerskransen utan at han tevlar etter reglane.
Bonden som arbeider hardt, bør vera den første som får del i avlinga.
Tenk over det eg seier, for Herren skal gje deg forstand i alle ting.
Hugs på Jesus Kristus, oppstaden frå dei døde, av Davids ætt, slik mitt evangelium forkynner.
For evangeliet lid eg vondt, heilt til fangelenkjer, som ein brotsmann. Men Guds ord er ikkje bunde.
Difor held eg ut alt for dei utvalde, så dei òg kan nå frelsa i Kristus Jesus med evig herlegdom.
Dette ordet er truverdig: Har vi døydd med han, skal vi òg leva med han.
Held vi ut, skal vi òg råda saman med han. Fornektar vi han, skal han òg fornekta oss.
Er vi trulause, så er han trufast, for han kan ikkje fornekta seg sjølv.
Minn dei om dette og formana dei framfor Herren at dei ikkje skal stridast om ord. Det tener ikkje til noko, men fører berre til øydelegging for dei som høyrer på.
Gjer alt du kan for å stå fram for Gud som ein som har stått si prøve, ein arbeidar som ikkje treng skjemmast, og som legg sanningsordet rett ut.
Men hald deg borte frå vanheilag tomt snakk, for det fører berre til meir ugudelegheit.
Og orda deira vil eta om seg som kaldbrann. Blant dei er Hymeneus og Filetus.
Dei har villa seg bort frå sanninga og seier at oppstoda alt har hendt, og dei riv ned trua til somme.
Men den faste grunnvollen frå Gud står og har dette seglet: «Herren kjenner sine,» og «Kvar den som nemner Herrens namn, skal venda seg bort frå urett.»
I eit stort hus finst det ikkje berre kar av gull og sølv, men òg av tre og leire. Somme er til ære, andre til vanære.
Om nokon då reinsar seg frå dette, skal han vera eit kar til ære, helga og nyttig for sin herre, gjort klar til all god gjerning.
Fly frå ungdomens lyster og jag etter rettferd, tru, kjærleik og fred saman med dei som kallar på Herren av eit reint hjarte.
Avvis dei tåpelege og uforstandige ordskifta, for du veit at dei føder strid.
Ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild mot alle, god til å læra, tolmodig.
Han må med saktmod rettleia dei som set seg imot, om Gud kanskje kan gje dei omvending til å kjenna sanninga.
Då kan dei vakna opp att or djevelens snare, der dei har vore fanga av han til å gjera hans vilje.