AmosKapittel 7

Dette synet viste Herren Gud meg: Sjå, han forma ein grashoppe-sverm då etterveksten tok til å koma opp – det var etterveksten etter at kongen hadde slege sitt.
Då dei heldt på å eta opp alt graset på marka, sa eg: «Herre Gud, tilgjev! Kven kan Jakob bli ståande som? For han er så liten.»
Då angra Herren på dette. «Det skal ikkje henda,» sa Herren.
Dette synet viste Herren Gud meg: Sjå, Herren Gud kalla fram eld til strid. Elden åt opp det store djupet og heldt på å eta opp jordluten.
Då sa eg: «Herre Gud, hald opp! Korleis skal Jakob kunna stå seg? Han er så liten.»
Då angra Herren på dette. «Heller ikkje dette skal henda,» sa Herren Gud.
Dette synet viste han meg: Sjå, Herren stod ved ein mur som var bygd med loddsnor, og han hadde ei loddsnor i handa.
Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Ei loddsnor.» Då sa Herren: «Sjå, eg set ei loddsnor midt i folket mitt Israel. Eg vil ikkje lenger spara dei.
Offerhaugane til Isak skal bli øydelagde, heilagdomane til Israel skal liggja i ruinar, og eg vil reisa meg mot Jeroboams hus med sverd.»
Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Jeroboam, kongen i Israel, og sa: «Amos har sett i gang ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje bera alle orda hans.
For så har Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og Israel skal sannleg førast bort frå landet sitt.»
Amasja sa til Amos: «Du sjåar, gå av stad! Røm til Juda-landet! Et brødet ditt der og tal profetord der!
Men i Betel skal du ikkje lenger tala profetord, for det er kongens heilagdom og rikets tempel.»
Amos svara Amasja: «Eg er ikkje profet, og eg er ikkje profetlærling. Eg er fe-gjætar og steller morbærfiken.
Men Herren tok meg frå saueflokken, og Herren sa til meg: Gå og tal profetord til folket mitt Israel!
Så høyr no Herrens ord! Du seier: Du skal ikkje tala profetord mot Israel, og du skal ikkje preika mot Isaks hus.
Sjølv skal du døy i eit ureint land, og Israel skal sannleg førast bort frå landet sitt.»