HoseaKapittel 10

Israel er eit vintre som tømer seg, det ber frukt for seg sjølv. Di meir frukt det fekk, di fleire altar bygde dei. Di betre det gjekk for landet, di flottare steinstøtter laga dei.
Hjartet deira er falskt, no må dei bera si skuld. Han skal riva ned altara deira og øydeleggja steinstøttene deira.
For no skal dei seia: «Vi har ingen konge, for vi frykta ikkje Herren. Og kva kunne ein konge gjera for oss?»
Dei talar tome ord, sver falske eidar og gjer pakter. Difor spirer dommen opp som giftig ugras i plogfòrene på marka.
For kalven i Bet-Aven skal innbyggjarane i Samaria ottast. Folket sørgjer over han, og avgudsprestane hans skjelv av glede over han, over herlegdomen hans som har fare bort frå han.
Også han skal førast til Assyria som gåve til storkongen. Efraim skal hausta skam, og Israel skal skjemmast over planen sin.
Samaria sin konge skal gå til grunne, som skum på vassflata.
Offerhaugane i Aven, Israels synd, skal øydeleggjast. Torn og tistel skal veksa opp over altara deira. Då skal dei seia til fjella: «Løyn oss!» og til haugane: «Fall over oss!»
Frå Gibeas dagar har du synda, Israel. Der har dei stått fast. Skal ikkje krigen nå dei i Gibea, mot urettens born?
Når eg vil, skal eg tukta dei. Folkeslag skal samlast mot dei når dei blir bundne for si doble skuld.
Efraim var ei opplærd kvige som elska å treskja, og eg sparte den vakre nakken hennar. Men no skal eg ri på Efraim, Juda skal pløya, og Jakob skal harva.
Så for dykk sjølve i rettferd, haust i trufast kjærleik! Bryt dykk nybrot! For det er tid for å søkja Herren, til han kjem og lèt rettferd regna over dykk.
De har pløgd vondskap, hausta urett og ete frukt av løgn. For du stola på dine eigne vegar og på dine mange krigarar.
Difor skal krigsrop lyda mot folket ditt, og alle festningane dine skal øydeleggjast, slik Salman øydela Bet-Arbel på stridens dag, då mor vart knust saman med borna.
Slik skal Betel gjera med dykk, på grunn av all dykkar vondskap. Når morgonen gryr, skal Israels konge gå heilt til grunne.