NahumKapittel 1

Bodskap om Ninive. Boka om synet til Nahum frå Elkosj.
Herren er ein nidkjær Gud som hemnar. Herren hemnar og er full av vreide. Herren hemnar på motstandarane sine og held fast på vreiden mot fiendane sine.
Herren er sein til vreide, men stor i kraft, og han lèt ikkje den skuldige gå fri. Herren går fram i storm og uvêr, og skyene er støvet under føtene hans.
Han trugar havet og tørkar det ut, og alle elvane lèt han tørka inn. Basan og Karmel visnar, og blomen på Libanon folnar.
Fjella skjelv for han, og haugane vaklar. Jorda reiser seg framfor han, verda og alle som bur der.
Kven kan stå framfor harmen hans? Kven kan halda stand mot den brennande vreiden hans? Sinnet hans strøymer ut som eld, og berga rivnar framfor han.
Herren er god, ei borg på naudedagen. Han kjenner dei som søkjer tilflukt hos han.
Men med ei flaum som strøymer over, gjer han ende på staden hennar, og fiendane sine jagar han inn i mørkret.
Kva tenkjer de ut mot Herren? Han gjer fullstendig ende på det. Nauda skal ikkje reisa seg to gonger.
For om dei er som samanfletta tornekratt og drukne av sitt eige øl, skal dei fortærast som turr halm, fullstendig.
Frå deg kom det ein som tenkjer ut vondt mot Herren, ein rådgjevar frå Belial.
Så seier Herren: Om dei er aldri så tallrike og sterke, skal dei likevel klippast ned og kvar ein forgå. Eg har plaga deg, men eg skal ikkje plaga deg meir.
No vil eg bryta åket hans frå deg og slita av lenkjene dine.
Herren har fastsett om deg: Det skal ikkje lenger spreia seg avkom av namnet ditt. Frå tempelet til gudane dine vil eg rydda ut utskorne bilete og støypte gudebilete. Eg gjer grava di klar, for du er forakta.