Rahab var en skjøge i Jeriko som gjemte de israelske spionene og hjalp dem å flykte. Hun bekjente tro på Israels Gud og ba om beskyttelse for sin familie. Hun ble spart da Jeriko falt, ble innlemmet i Israel, og ble stammor i Messias' ættelinje gjennom sønnen Boas.
1Josva, son til Nun, sende i løynd to menn ut frå Sjittim som speidarar og sa: «Gå og sjå på landet og på Jeriko.» Dei gjekk av stad og kom til huset åt ei hore som heitte Rahab, og dei overnatta der.
9Ho sa til mennene: «Eg veit at Herren har gjeve dykk landet, og at redsla for dykk har falle over oss, og at alle som bur i landet, har mista motet for dykk.
10For vi har høyrt korleis Herren tørka ut vatnet i Sivsjøen framfor dykk då de drog ut frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittiske kongane på hi sida av Jordan, Sihon og Og, som de bannstøytte.
11Då vi høyrde dette, smelta hjarta vårt, og det fanst ikkje mot att i nokon mann på grunn av dykk. For Herren, dykkar Gud, han er Gud i himmelen der oppe og på jorda her nede.
18om ikkje du, når vi kjem inn i landet, bind dette skarlagenraude snøret i vindauget som du firte oss ned gjennom. Og du må samla far din og mor di og syskena dine og heile familien din hos deg i huset.
22Men til dei to mennene som hadde speida ut landet, sa Josva: «Gå inn i huset til skjøkja og før kvinna ut derifrå med alle som høyrer henne til, slik de svor henne.»
23Dei unge mennene som hadde vore speidarar, gjekk inn og førte ut Rahab og faren og mora og brørne hennar og alle som høyrde henne til. Heile slekta hennar førte dei ut og let dei bu utanfor Israels leir.