Salmanesar V var konge av Assyria som påla Hosea, Israels siste konge, tributt og senere beleiret Samaria da Hosea gjorde opprør. Hans beleiring av Samaria førte til Nordrikets fall og bortføringen av de ti stammene til eksil, noe som markerte slutten på Israels nordrike.
4Men assyrarkongen oppdaga at Hosea var ein svikar, for han hadde sendt bod til So, kongen i Egypt, og han betalte ikkje skatt til assyrarkongen som før, år etter år. Difor tok assyrarkongen han til fange og sette han i fengsel.
6I det niande året til Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assyria. Han let dei busetja seg i Halah og ved Habor ved elva Gosan, og i byane i Media.
9I det fjerde året Hiskia var konge, som var det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, drog assyrarkongen Salmanassar opp mot Samaria og kringsette byen.
7Dette hende fordi israelittane hadde synda mot HERREN sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egypt, bort frå makta til farao, kongen i Egypt. Dei hadde dyrka andre gudar.
11Der brende dei røykjelse på alle offerhaugane, slik som dei folkeslaga HERREN hadde drive bort for dei. Dei gjorde vonde ting som gjorde HERREN harm.
13HERREN hadde åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane, kvar einaste sjåar, og sagt: «Vend om frå dei vonde vegane dykkar! Hald boda og forskriftene mine, i samsvar med heile lova som eg gav fedrane dykkar, og som eg sende til dykk gjennom tenarane mine, profetane.»
15Dei vraka forskriftene hans og pakta han hadde gjort med fedrane deira, og åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei følgde det som var tomt og vart sjølve tomme. Dei følgde folkeslaga rundt dei, endå HERREN hadde forbode dei å gjera som dei.
17Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, dreiv med spådomskunst og tolka teikn. Dei selde seg sjølve til å gjera det som var vondt i HERRENS auge og gjorde han harm.