SalmeneKapittel 142

Ein læresalme av David, då han var i hòla. Ein bøn.
מַשְׂכִּ֥יל לְדָוִ֑ד בִּהְיוֹת֖וֹ בַמְּעָרָ֣ה תְפִלָּֽה׃ ‬
Med røysta mi ropar eg til Herren, med røysta mi bed eg Herren om nåde.
ק֭וֹלִי אֶל־יְהוָ֣ה אֶזְעָ֑ק ק֝וֹלִ֗י אֶל־יְהוָ֥ה אֶתְחַנָּֽן׃ ‬
Eg auser ut mi klage for han, eg legg fram mi naud for han.
אֶשְׁפֹּ֣ךְ לְפָנָ֣יו שִׂיחִ֑י צָ֝רָתִ֗י לְפָנָ֥יו אַגִּֽיד׃ ‬
Når ånda mi vansmektar i meg, då kjenner du stigen min. På vegen der eg går, har dei gøymt ei snare for meg.
בְּהִתְעַטֵּ֬ף עָלַ֨י ׀ רוּחִ֗י וְאַתָּה֮ יָדַ֢עְתָּ נְֽתִיבָ֫תִ֥י בְּאֹֽרַח־ז֥וּ אֲהַלֵּ֑ךְ טָמְנ֖וּ פַ֣ח לִֽי׃ ‬
Sjå til høgre og sjå – ingen kjenner meg. Kvar tilfluktsstad er borte for meg, ingen bryr seg om livet mitt.
הַבֵּ֤יט יָמִ֨ין ׀ וּרְאֵה֮ וְאֵֽין־לִ֢י מַ֫כִּ֥יר אָבַ֣ד מָנ֣וֹס מִמֶּ֑נִּי אֵ֖ין דּוֹרֵ֣שׁ לְנַפְשִֽׁי׃ ‬
Eg ropar til deg, Herre! Eg seier: Du er mi tilflukt, min lut i dei levande sitt land.
זָעַ֥קְתִּי אֵלֶ֗יךָ יְה֫וָ֥ה אָ֭מַרְתִּי אַתָּ֣ה מַחְסִ֑י חֶ֝לְקִ֗י בְּאֶ֣רֶץ הַֽחַיִּים׃ ‬
Lyd på ropet mitt, for eg er svært hjelpelaus. Frels meg frå dei som forfølgjer meg, for dei er sterkare enn meg.
הַקְשִׁ֤יבָה ׀ אֶֽל־רִנָּתִי֮ כִּֽי־דַלּ֢וֹתִ֫י מְאֹ֥ד הַצִּילֵ֥נִי מֵרֹדְפַ֑י כִּ֖י אָמְצ֣וּ מִמֶּֽנִּי׃ ‬
Før mi sjel ut or fengselet, så eg kan prisa namnet ditt. Dei rettferdige skal kransa meg, for du gjer vel imot meg.
ה֘וֹצִ֤יאָה מִמַּסְגֵּ֨ר ׀ נַפְשִׁי֮ לְהוֹד֢וֹת אֶת־שְׁ֫מֶ֥ךָ בִּ֭י יַכְתִּ֣רוּ צַדִּיקִ֑ים כִּ֖י תִגְמֹ֣ל עָלֽ͏ָי׃ ‬