SalmeneKapittel 52

Til kormeisteren. Ein læresalme av David.
Då edomitten Doeg kom og fortalde Saul: «David har kome til huset åt Ahimelek.»
Kvifor skryt du av det vonde, du mektige mann? Guds miskunn varer heile dagen.
Tunga di tenkjer ut øydelegging, som ein kvass barberkniv driv ho med svik.
Du elskar det vonde meir enn det gode, løgn meir enn å tala rett. Sela.
Du elskar alle øydeleggjande ord, du svikefulle tunge!
Men Gud skal òg riva deg ned for alltid. Han skal gripa deg og rykkja deg ut av teltet ditt, og rykkja deg opp med rot frå dei levande si jord. Sela.
Dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal le av han og seia:
«Sjå, der er mannen som ikkje gjorde Gud til si tilflukt, men sette si lit til sin store rikdom og søkte styrke i si øydelegging.»
Men eg er som eit grønt oliventre i Guds hus. Eg set mi lit til Guds miskunn for evig og alltid.
Eg vil takka deg til evig tid for det du har gjort. Eg vil venta på namnet ditt, for det er godt, framfor dine trufaste.