SalmeneKapittel 83

Ein song. Ein salme av Asaf.
Gud, ver ikkje stille! Ti ikkje og ver ikkje roleg, Gud!
For sjå, fiendane dine larmar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet.
Mot folket ditt legg dei løynde planar, og dei rådslår mot dei du vernar.
Dei seier: «Kom, lat oss utsletta dei som folk, så namnet Israel aldri meir blir hugsa!»
For med eitt hjarte rådslår dei saman, dei gjer ei pakt mot deg:
Telta til Edom og ismaelittane, Moab og hagarittane,
Gebal, Ammon og Amalek, Filistea saman med dei som bur i Tyrus.
Også Assur har slutta seg til dei, dei har vorte ei arm for Lots born. Sela
Gjer med dei som med Midjan, som med Sisera, som med Jabin ved Kisjon-bekken.
Dei vart utsletta ved En-Dor, dei vart til gjødsel for jorda.
Gjer med hovdingane deira som med Oreb og Se'eb, og med alle fyrstane deira som med Sebach og Salmunna.
Dei som sa: «Lat oss ta Guds beitemarker til eige for oss!»
Min Gud, gjer dei som tisteldun, som agner for vinden.
Som eld som brenn ned skogen, som flammer som set fjella i brann,
slik skal du jaga dei med stormen din og skremma dei med uværet ditt.
Fyll andleta deira med skam, så dei må søkja namnet ditt, Herre!
Lat dei bli til skamme og redde for alltid, lat dei bli vanæra og gå til grunne.
Lat dei kjenna at du åleine, du som ber namnet Herren, er Den Høgste over heile jorda.