2. SamuelKapittel 6

David samla endå ein gong alle utvalde menn i Israel, tretti tusen i alt.
Så braut David opp og drog av stad med alt folket som var med han, frå Baale-Juda, for å henta opp Guds ark derifrå – den som ber namnet til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane.
Dei sette Guds ark på ei ny vogn og førte henne ut frå huset til Abinadab, som låg på høgda. Ussa og Ahjo, sønene til Abinadab, køyrde den nye vogna.
Dei førte henne frå huset til Abinadab på høgda, med Guds ark, og Ahjo gjekk framføre arka.
David og heile Israels hus dansa framføre Herren med alle slags instrument av sypresstre, med lyrer, harper, tamburinar, ranglar og symbalar.
Då dei kom til treskjeplassen åt Nakon, rette Ussa handa ut mot Guds ark og tok tak i henne, for oksane snubla.
Då vart Herren brennande harm på Ussa, og Gud slo han ned der på grunn av misferda hans. Han døydde der ved Guds ark.
David vart opprørt fordi Herren hadde brote ut mot Ussa. Difor kalla han staden Peres-Ussa, og det heiter han den dag i dag.
Den dagen vart David redd for Herren og sa: «Korleis kan Herrens ark koma til meg?»
David ville ikkje flytta Herrens ark til seg i Davidsbyen. I staden førte David henne til huset åt Obed-Edom frå Gat.
Herrens ark vart ståande i huset åt Obed-Edom frå Gat i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile huset hans.
Kong David fekk melding om at Herren hadde velsigna huset åt Obed-Edom og alt han eigde, på grunn av Guds ark. Då gjekk David og henta Guds ark opp frå huset åt Obed-Edom til Davidsbyen med glede.
Då dei som bar Herrens ark, hadde gått seks steg, ofra han ein okse og ein gjøfôra kalv.
David dansa av all si kraft framføre Herren, og David var kledd i ein lin-efod.
Slik førte David og heile Israels hus Herrens ark opp med jubelrop og lyden av horn.
Då Herrens ark kom inn i Davidsbyen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom vindauget. Ho såg kong David hoppa og dansa framføre Herren, og ho forakta han i hjartet sitt.
Dei bar inn Herrens ark og sette henne på plassen hennar inne i teltet som David hadde reist for henne. Så ofra David brennoffer og fredsoffer framføre Herren.
Då David var ferdig med å ofra brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i namnet åt Herren over hærskarane.
Han delte ut til heile folket, til heile mengda av Israel, både menn og kvinner: kvar ein fekk eit brød, eit stykke kjøt og ei rosinkake. Så gjekk alt folket heim, kvar til sitt.
Då David kom heim for å velsigna huslyden sin, gjekk Mikal, dotter til Saul, ut og møtte han. Ho sa: «Kor ærefull var ikkje Israels konge i dag, då han avdekte seg framføre augo på tenestekvinnene åt tenarane sine, slik ein lettsindig mann ville gjera!»
David svara Mikal: «Det var framføre Herren, han som valde meg framfor far din og heile huset hans og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel – ja, framføre Herren vil eg dansa!
Eg vil gjera meg endå ringare enn dette og vera låg i mine eigne auge. Men hos dei tenestekvinnene du tala om, hos dei skal eg ha ære.»
Og Mikal, dotter til Saul, fekk ikkje born til sin døyande dag.