AmosKapittel 5

Høyr dette ordet som eg lyfter over dykk, ein klagesong over Israels hus:
Ho er fallen og skal ikkje reisa seg meir, jomfrua Israel. Ho ligg forlaten på si eiga jord, det er ingen som reiser henne opp.
For så seier Herren Gud: Den byen som dreg ut med tusen, skal ha hundre att, og den som dreg ut med hundre, skal ha ti att for Israels hus.
For så seier Herren til Israels hus: Søk meg og lev!
Men søk ikkje til Betel, og kom ikkje til Gilgal, og dra ikkje over til Beer-Sjeba! For Gilgal skal førast bort i fangenskap, og Betel skal bli til ingenting.
Søk Herren og lev! Elles bryt han fram som eld mot Josefs hus og fortærer, og ingen kan sløkkja for Betel.
De som gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jords!
Han som skapte Sjustjerna og Orion, han som gjer dødsskuggen om til morgon og gjer dagen mørk som natt, han som kallar på havsvatnet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.
Han lèt øydelegging brotna fram over den sterke, og øydelegging kjem over festninga.
Dei hatar den som refsar i porten, og dei avskyr den som talar sant.
Difor, fordi de trampar på den fattige og krev kornavgift av han: De har bygt hus av hoggen stein, men de skal ikkje bu i dei. De har planta fagre vingardar, men de skal ikkje drikka vinen deira.
For eg veit kor mange misgjerningane dykkar er og kor store syndene dykkar er – de som forfølgjer den rettferdige, tek imot bestikkingar og støyter dei fattige bort i porten.
Difor teier den kloke i denne tida, for det er ei vond tid.
Søk det gode og ikkje det vonde, så de kan leva! Då skal Herren, allhærs Gud, vera med dykk, slik de har sagt.
Hat det vonde og elsk det gode, lat retten råda i porten! Kanskje vil Herren, allhærs Gud, vera nådig mot det som er att av Josef.
Difor, så seier Herren, allhærs Gud, Herren: På alle torg skal det vera klagerop, og på alle gater skal dei ropa: «Ai! Ai!» Dei skal kalla bonden til sorg og klagesongarane til gråt.
I alle vingardar skal det vera klage, for eg går gjennom deg, seier Herren.
Ve dei som lengtar etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje lys.
Det er som når ein mann flyktar frå ei løve og møter ein bjørn, eller kjem inn i huset og stør handa mot veggen og ein orm bit han.
Er ikkje Herrens dag mørker og ikkje lys, belgmørk og utan ljosglans?
Eg hatar og forkastar høgtidene dykkar, og eg har ikkje glede av dei høgtidlege samlingane dykkar.
Sjølv om de ber fram brennoffer og matoffer til meg, har eg ikkje hugnad i dei, og på fredsoffer av gjøfeet dykkar vil eg ikkje sjå.
Ta bort frå meg larmen av songane dine! Harpespelet ditt vil eg ikkje høyra.
Men lat retten strøyma fram som vatn og rettferda som ein alltid rennande bekk!
Bar de fram slaktoffer og matoffer til meg i øydemarka i førti år, Israels hus?
De bar med dykk Sikkut, kongen dykkar, og Kijjun, avgudsbileta dykkar, stjerneguden dykkar som de laga dykk.
Difor fører eg dykk i fangenskap bortanfor Damaskus, seier Herren – allhærs Gud er hans namn.