AmosKapittel 6

Ve over dei som lever trygt og sorgfritt i Sion, og dei som kjenner seg sikre på Samaria-fjellet! Dei fremste menn i det leiande folket, dei som Israels hus kjem til.
Dra over til Kalne og sjå, gå derifrå til det store Hamat, og far ned til Gat i Filistia. Er dei betre enn desse rika? Er deira landområde større enn dykkar?
Dei som skyv frå seg den vonde dagen, men dreg valdssetet nærare.
Dei ligg på senger av elfenbein og breier seg ut på divanane sine. Dei et lam frå flokken og gjøkalvar frå fjøset.
Dei improviserer til harpeklang og finn opp instrument for seg sjølve, slik som David.
Dei drikk vin av offerskåler og salvar seg med den finaste olje, men dei sørgjer ikkje over Josefs fall.
Difor skal dei no førast bort, fremst av dei bortførte, og det er slutt på festinga til dei som breier seg.
Herren Gud har svore ved seg sjølv, seier Herren, allhærs Gud: Eg avskyr Jakobs stoltheit og hatar borgene hans. Eg skal gje byen over og alt som er i han.
Om det vert att ti menn i eitt hus, skal dei døy.
Når ein slektning kjem med den som skal brenna lika, for å bera beina ut or huset, og spør ein som sit inst i huset: 'Er det fleire hos deg?' Då skal han svara: 'Ingen.' Og den andre skal seia: 'Hysj! For vi må ikkje nemna Herrens namn.'
For sjå, Herren gjev påbod, og det store huset skal slåast i småbitar, og det vesle huset i flisar.
Spring hestar på fjell? Pløyer ein havet med oksar? Men de har gjort rett til gift og rettferds frukt til malurt.
Dei som gleder seg over eit inkjevetta, dei som seier: 'Har vi ikkje med eiga kraft vunne oss horn?'
For sjå, eg reiser opp eit folkeslag mot dykk, Israels hus, seier Herren, allhærs Gud. Dei skal undertrykkja dykk frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.