EsterKapittel 4

Då Mordekai fekk vite alt som hadde hendt, reiv han kleda sine i sund, kledde seg i sekkestrie og oske, og gjekk ut midt i byen. Han ropa høgt med eit bittert skrik.
Han gjekk heilt fram til kongeporten, men gjekk ikkje inn, for det var ikkje tillate å gå inn i kongeporten kledd i sekkestrie.
I kvar einaste provins, overalt der ordren og lova frå kongen nådde fram, var det stor sorg blant jødane, med faste, gråt og klage. Mange låg i sekkestrie og oske.
Tenestejentene og hoffmennene til Ester kom og fortalde henne det, og dronninga vart svært oppskaka. Ho sende klede til Mordekai så han kunne ta dei på seg og leggje bort sekkestria, men han tok ikkje imot.
Då kalla Ester til seg Hatak, ein av hoffmennene som kongen hadde sett til å tene henne, og gav han ordre om å gå til Mordekai for å finne ut kva som var gale og kvifor.
Hatak gjekk ut til Mordekai på bytorget framfor kongeporten.
Mordekai fortalde han alt som hadde hendt han, og om den nøyaktige summen pengar som Haman hadde lova å betale inn i skattkammeret til kongen for å få utrydda jødane.
Han gav han òg ei avskrift av den skriftlege ordren som var utferda i Susan om å utrydde dei, så han kunne vise den til Ester og fortelje henne om det. Han bad han påleggje henne å gå inn til kongen, bønfalle han og be for folket sitt hos han.
Hatak kom tilbake og fortalde Ester det Mordekai hadde sagt.
Så tala Ester til Hatak og gav han denne bodskapen til Mordekai:
«Alle tenarane til kongen og folket i provinsane hans veit at det finst éi lov for kvar mann eller kvinne som går inn til kongen i den indre borggarden utan å vere kalla inn: Dei skal døy. Berre den som kongen rettar gullsepteret mot, skal leve. Og eg har ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.»
Då Mordekai fekk høyre det Ester hadde sagt,
sende han dette svaret tilbake til Ester: «Ikkje innbill deg at du åleine av alle jødane kan berge deg fordi du bur i kongeslottet.
For om du teier stille i denne stunda, vil hjelp og redning kome til jødane frå ein annan stad, men du og farshuset ditt vil gå til grunne. Og kven veit – kanskje var det nettopp for ei tid som denne at du vart dronning?»
Då sende Ester dette svaret til Mordekai:
«Gå og samle alle jødane som finst i Susan, og fast for meg! Ikkje et og ikkje drikk på tre dagar, verken natt eller dag. Eg og tenestejentene mine vil òg faste på same vis. Så vil eg gå inn til kongen, sjølv om det er mot lova. Og om eg går til grunne, så går eg til grunne.»
Mordekai gjekk av stad og gjorde alt det Ester hadde pålagt han.