JeremiaKapittel 39

I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom Nebukadnesar, kongen i Babylon, med heile hæren sin mot Jerusalem og kringsette byen.
I det niende året av Sidkias regjeringstid som Juda-konge, i den tiende måneden, kom Nebukadnesar, kongen av Babel, med hele sin hær mot Jerusalem og beleiret byen.
I det ellevte året Sidkia var konge, den niande dagen i den fjerde månaden, vart det brote hol på bymuren.
I det ellevte året av Sidkias regjeringstid, i den fjerde måneden, på den niende dagen i måneden, ble det slått hull på bymuren.
Då kom alle stormennene til kongen i Babylon inn og sette seg i Mellomporten: Nergal-Sareser frå Samgar, Nebo-Sarsekim som var øvste hoffmann, Nergal-Sareser som var øvste magiar, og alle dei andre stormennene til Babylon-kongen.
Da kom alle Babel-kongens høvdinger inn og slo seg ned ved Midtporten: Nergal-Sareser fra Samgar, Nebo-Sarsekim, som var øverste hoffmann, Nergal-Sareser, som var øverste magiker, og alle de andre høvdingene til Babel-kongen.
Då Sidkia, kongen i Juda, og alle krigarane såg dei, flykta dei. Dei drog ut frå byen om natta gjennom kongens hage, gjennom porten mellom dei to murane, og tok vegen mot Jordansletta.
Da Sidkia, Juda-kongen, og alle krigsmennene så dem, flyktet de. De dro ut av byen om natten gjennom kongens hage, gjennom porten mellom de to murene, og tok veien mot Jordansletten.
Men den kaldeiske hæren sette etter dei og tok att Sidkia på slettene ved Jeriko. Dei greip han og førte han opp til Nebukadnesar, kongen i Babylon, i Ribla i Hamat-landet. Der heldt han dom over han.
Men den kaldeiske hæren forfulgte dem og innhentet Sidkia på Jeriko-slettene. De tok ham til fange og førte ham opp til Nebukadnesar, Babel-kongen, i Ribla i Hamat-landet, og der avsa han dom over ham.
Kongen i Babylon slakta sønene til Sidkia i Ribla medan han såg på. Kongen i Babylon slakta òg alle stormennene i Juda.
Babel-kongen slaktet Sidkias sønner i Ribla rett foran øynene hans. Babel-kongen slaktet også alle Judas adelsmenn.
Så stakk han ut augo på Sidkia og batt han med bronselenker for å føra han til Babylon.
Deretter blindet han Sidkias øyne og bandt ham med bronselenker for å føre ham til Babel.
Kaldeane brende kongens hus og husa til folket med eld, og dei reiv ned murane rundt Jerusalem.
Kaldeerne brente ned kongens palass og folkets hus med ild, og de rev ned Jerusalems murer.
Resten av folket som var att i byen, dei som hadde gått over til han, og resten av folket som var att, førte Nebusaradan, sjefen for livvakta, bort til Babylon.
Resten av folket som var igjen i byen, og de som hadde gått over til ham, og resten av folket som var igjen – dem førte Nebusaradan, kommandanten for livvakten, bort til Babel.
Men nokre av dei fattige i folket, dei som ikkje eigde noko, lét Nebusaradan, sjefen for livvakta, vera att i Juda-landet. Den dagen gav han dei vinmarker og åkrar.
Men noen av de fattige i folket, de som ikke eide noe, lot Nebusaradan, kommandanten for livvakten, bli igjen i Juda-landet. Han ga dem vingårder og jordstykker på den dagen.
Nebukadnesar, kongen i Babylon, gav Nebusaradan, sjefen for livvakta, denne ordren om Jeremia:
Nebukadnesar, Babel-kongen, ga ordre angående Jeremia gjennom Nebusaradan, kommandanten for livvakten, og sa:
«Ta han med deg og hald auge med han. Gjer han ikkje noko vondt, men gjer med han det han sjølv ber deg om.»
«Ta ham og ha øynene dine på ham. Gjør ham ikke noe vondt, men gjør med ham slik han ber deg om.»
Så sende Nebusaradan, sjefen for livvakta, og Nebusasban, den øvste hoffmannen, og Nergal-Sareser, den øvste magiaren, og alle stormennene til Babylon-kongen bod etter Jeremia.
Da sendte Nebusaradan, kommandanten for livvakten, og Nebusjasbán, den øverste hoffmannen, og Nergal-Sareser, den øverste magikeren, og alle Babel-kongens høvdinger –
og henta Jeremia frå vaktgarden. Dei overlet han til Gedalja, son til Ahikam, son til Safan, for at han skulle føra han heim. Og han vart buande mellom folket.
de sendte bud og hentet Jeremia fra vaktgården. De overga ham til Gedalja, sønn av Ahikam, sønn av Sjafan, for å føre ham hjem. Og han ble boende blant folket.
Herrens ord kom til Jeremia medan han var fengsla i vaktgarden:
Herrens ord kom til Jeremia mens han var innesperret i vaktgården:
«Gå og sei til Ebed-Melek frå Kusj: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg lèt orda mine gå i oppfylling over denne byen, til ulukke og ikkje til lukke. Det skal skje framfor auga dine den dagen.
«Gå og si til etiopieren Ebed-Melek: Så sier Herren over hærskarene, Israels Gud: Se, jeg lar mine ord gå i oppfyllelse over denne byen – til ulykke og ikke til lykke. Det skal skje rett foran øynene dine på den dagen.
Men deg vil eg berga den dagen, seier Herren. Du skal ikkje verta gjeven i hendene på dei mennene du fryktar.
Men jeg skal redde deg på den dagen, sier Herren. Du skal ikke bli overgitt i hendene på de mennene du frykter.
For eg skal sanneleg berga deg, og du skal ikkje falla for sverd. Du skal få livet ditt som krigsbytte, fordi du har sett di lit til meg, seier Herren.»
For jeg skal sørge for at du slipper unna. Du skal ikke falle for sverdet, men du skal få livet ditt som krigsbytte, fordi du har satt din lit til meg, sier Herren.»