Kareah var far til Johanan og Jonatan, som var blant de militære lederne som ble igjen i Juda etter Babylons ødeleggelse av Jerusalem. Han er primært kjent gjennom sine sønners handlinger i forbindelse med stattholderen Gedaljas styre og den påfølgende flukten til Egypt. Kareah nevnes gjentatte ganger i Jeremia-boken som identifikasjon av sønnen Johanan.
14Dei sa til han: «Veit du at Baalis, kongen over ammonittane, har sendt Jismael, son til Netanja, for å ta livet ditt?» Men Gedalja, son til Ahikam, trudde dei ikkje.
15Johanan, son til Kareah, sa til Gedalja i løynd i Mispa: «Lat meg gå og slå i hel Jismael, son til Netanja, og ingen skal få vita det. Kvifor skal han ta livet ditt, så alle jødane som har samla seg hos deg, blir spreidde, og resten av Juda går til grunne?»
7Då alle hærførarane som var ute på markene, dei og mennene deira, høyrde at kongen i Babel hadde sett Gedalja, son til Ahikam, over landet, og at han hadde gjeve han tilsyn med menn, kvinner og born, og dei fattigaste i landet, dei som ikkje var førte bort til Babel,
8kom dei til Gedalja i Mispa: Jismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, sønene til Kareah, Seraja, son til Tanhum, sønene til Efai frå Netofa, og Jesanja, son til maakatitten – dei og mennene deira.
9Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, svor for dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane. Bu i landet og ten kongen i Babel, så skal det gå dykk godt.
10Sjølv blir eg buande i Mispa for å stå framfor kaldearane som kjem til oss. Men de skal samla inn vin, sumarfrukt og olje og leggja det i kara dykkar, og bu i byane de har teke.
1I den sjuande månaden kom Jismael, son til Netanja, son til Elisjama, av kongeleg ætt, og nokre av stormennene til kongen, med ti menn, til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa. Der åt dei saman.
2Då reiste Jismael, son til Netanja, seg saman med dei ti mennene som var med han, og dei slo ned Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, med sverd og drap han som kongen i Babel hadde sett over landet.
16Johanan, son til Kareach, og alle hærførarane som var med han, tok med seg heile resten av folket som han hadde vunne tilbake frå Jismael, son til Netanja, frå Mispa, etter at han hadde drepe Gedalja, son til Ahikam – krigarar, kvinner, born og hofftenestemenn som han hadde ført tilbake frå Gibeon.
2Dei sa til profeten Jeremia: «Lat bøna vår koma fram for deg, og bed for oss til Herren din Gud, for heile denne resten. For vi er berre nokre få att av mange, slik augene dine ser oss.
4Profeten Jeremia sa til dei: «Eg har høyrt dykk. Sjå, eg vil be til Herren dykkar Gud slik de ber om. Og alt det Herren svarar dykk, skal eg fortelja dykk. Eg skal ikkje halda noko tilbake for dykk.»
6Anten det er godt eller vondt, vil vi lyda røysta til Herren vår Gud, som vi sender deg til, så det kan gå oss vel når vi lyder røysta til Herren vår Gud.»
Til tross for Jeremias advarsel om å bli i landet, tok Johanan, sønn av Kareah, hele folkegruppen med seg og flyktet til Egypt, i ulydighet mot Guds ord.
2då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareach, og alle dei hovmodige mennene til Jeremia: «Du talar løgn! Herren vår Gud har ikkje sendt deg for å seia: De skal ikkje dra til Egypt for å bu der.»
5Johanan, son til Kareach, og alle hærførarane tok med seg heile resten av Juda, dei som hadde kome tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vorte spreidde til, for å bu i Juda-landet:
6mennene og kvinnene og borna og kongsdøtrene og alle dei som Nebusaradan, kommandanten for livvakta, hadde late vera att hos Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, og profeten Jeremia og Baruk, son til Nerija.