Noomi var en israelsk kvinne som mistet sin mann og to sønner i Moab. Hun vendte tilbake til Betlehem i bitterhet, men hennes svigerdatter Ruts troskap førte til ny velsignelse. Gjennom Noomis kloke råd ble Rut gift med Boas, og Noomi ble amme for deres sønn Obed.
1I den tida då domarane styrte, vart det hungersnaud i landet. Då drog ein mann frå Betlehem i Juda for å bu ei tid på Moab-slettene, han og kona hans og dei to sønene hans.
2Mannen heitte Elimelek, kona hans heitte Noomi, og dei to sønene heitte Mahlon og Kiljon. Dei var efratittar frå Betlehem i Juda. Dei kom til Moab-slettene og slo seg ned der.
6Då braut ho opp saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå Moab-slettene, for ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde sett til folket sitt og gjeve dei brød.
8Noomi sa til dei to svigerdøtrene sine: «Gå no, vend attende, kvar til heimen til mor si! Måtte Herren visa dykk miskunn, slik de har vist mot dei døde og mot meg.
16Men Rut svara: «Treng ikkje på meg om å forlata deg og venda attende frå deg. For dit du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.
19Så gjekk dei to saman til dei kom til Betlehem. Og då dei kom til Betlehem, vart det uro i heile byen på grunn av dei, og kvinnene sa: «Er dette Noomi?»
21Eg drog ut med fulle hender, men Herren har ført meg heim att tomhendt. Kvifor kallar de meg Noomi når Herren har vitna mot meg og Den Allmektige har ført ulukke over meg?»
4Når han legg seg, skal du merka deg staden der han ligg. Så går du dit, løfter kappa ved føtene hans og legg deg der. Då vil han fortelja deg kva du skal gjera.