SalmeneKapittel 34

Av David, då han lest som han var frå seg framfor Abimelek, så han jaga han bort, og han gjekk sin veg.
לְדָוִ֗ד בְּשַׁנּוֹת֣וֹ אֶת־טַ֭עְמוֹ לִפְנֵ֣י אֲבִימֶ֑לֶךְ וֽ͏ַ֝יְגָרֲשֵׁ֗הוּ וַיֵּלַֽךְ׃ ‬
Eg vil lova Herren til alle tider, alltid skal hans lovsong vera i min munn.
אֲבָרֲכָ֣ה אֶת־יְהוָ֣ה בְּכָל־עֵ֑ת תָּ֝מִ֗יד תְּֽהִלָּת֥וֹ בְּפִֽי׃ ‬
Mi sjel skal rosa seg i Herren, dei audmjuke skal høyra det og gleda seg.
בַּ֭יהוָה תִּתְהַלֵּ֣ל נַפְשִׁ֑י יִשְׁמְע֖וּ עֲנָוִ֣ים וְיִשְׂמָֽחוּ׃ ‬
Pris Herren saman med meg, lat oss saman opphøgja hans namn!
גַּדְּל֣וּ לַיהוָ֣ה אִתִּ֑י וּנְרוֹמְמָ֖ה שְׁמ֣וֹ יַחְדָּֽו׃ ‬
Eg søkte Herren, og han svara meg. Han fria meg frå alt eg frykta.
דָּרַ֣שְׁתִּי אֶת־יְהוָ֣ה וְעָנָ֑נִי וּמִכָּל־מְ֝גוּרוֹתַ֗י הִצִּילָֽנִי׃ ‬
Sjå opp til han og strål av glede, så skal andleta dykkar ikkje bli til skamme.
הִבִּ֣יטוּ אֵלָ֣יו וְנָהָ֑רוּ וּ֝פְנֵיהֶ֗ם אַל־יֶחְפָּֽרוּ׃ ‬
Denne fattige ropa, og Herren høyrde. Han frelste han frå alle trengslene hans.
זֶ֤ה עָנִ֣י קָ֭רָא וַיהוָ֣ה שָׁמֵ֑עַ וּמִכָּל־צָ֝רוֹתָ֗יו הוֹשִׁיעֽוֹ׃ ‬
Herrens engel slår leir rundt dei som fryktar han, og han friar dei ut.
חֹנֶ֤ה מַלְאַךְ־יְהוָ֓ה סָ֘בִ֤יב לִֽירֵאָ֗יו וַֽיְחַלְּצֵֽם׃ ‬
Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.
טַעֲמ֣וּ וּ֭רְאוּ כִּי־ט֣וֹב יְהוָ֑ה אַֽשְׁרֵ֥י הַ֝גֶּ֗בֶר יֶחֱסֶה־בּֽוֹ׃ ‬
Frykt Herren, de hans heilage! For dei som fryktar han, manglar ingenting.
יְר֣אוּ אֶת־יְהוָ֣ה קְדֹשָׁ֑יו כִּי־אֵ֥ין מַ֝חְס֗וֹר לִירֵאָֽיו׃ ‬
Unge løver lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, manglar ikkje noko godt.
כְּ֭פִירִים רָשׁ֣וּ וְרָעֵ֑בוּ וְדֹרְשֵׁ֥י יְ֝הוָ֗ה לֹא־יַחְסְר֥וּ כָל־טֽוֹב׃ ‬
Kom, born, høyr på meg! Eg vil læra dykk å frykta Herren.
לְֽכוּ־בָ֭נִים שִׁמְעוּ־לִ֑י יִֽרְאַ֥ת יְ֝הוָ֗ה אֲלַמֶּדְכֶֽם׃ ‬
Kven er den som har lyst til livet, som elskar sine dagar og vil sjå det gode?
מִֽי־הָ֭אִישׁ הֶחָפֵ֣ץ חַיִּ֑ים אֹהֵ֥ב יָ֝מִ֗ים לִרְא֥וֹת טֽוֹב׃ ‬
Hald tunga di frå det vonde, og leppene dine frå å tala svik.
נְצֹ֣ר לְשׁוֹנְךָ֣ מֵרָ֑ע וּ֝שְׂפָתֶ֗יךָ מִדַּבֵּ֥ר מִרְמָֽה׃ ‬
Vend deg frå det vonde og gjer det gode, søk fred og jag etter han!
ס֣וּר מֵ֭רָע וַעֲשֵׂה־ט֑וֹב בַּקֵּ֖שׁ שָׁל֣וֹם וְרָדְפֵֽהוּ׃ ‬
Herrens auge er vende mot dei rettferdige, og øyra hans mot ropet deira.
עֵינֵ֣י יְ֭הוָה אֶל־צַדִּיקִ֑ים וְ֝אָזְנָ֗יו אֶל־שַׁוְעָתָֽם׃ ‬
Herrens andlet er vendt mot dei som gjer vondt, for å rydja ut minnet om dei frå jorda.
פְּנֵ֣י יְ֭הוָה בְּעֹ֣שֵׂי רָ֑ע לְהַכְרִ֖ית מֵאֶ֣רֶץ זִכְרָֽם׃ ‬
Dei ropar, og Herren høyrer. Han friar dei ut frå alle trengslene deira.
צָעֲק֣וּ וַיהוָ֣ה שָׁמֵ֑עַ וּמִכָּל־צָ֝רוֹתָ֗ם הִצִּילָֽם׃ ‬
Herren er nær dei som har eit sundkrasa hjarte, og han frelser dei som har ei knust ånd.
קָר֣וֹב יְ֭הוָה לְנִשְׁבְּרֵי־לֵ֑ב וְֽאֶת־דַּכְּאֵי־ר֥וּחַ יוֹשִֽׁיעַ׃ ‬
Mange er plagene til den rettferdige, men Herren friar han ut frå dei alle.
רַ֭בּוֹת רָע֣וֹת צַדִּ֑יק וּ֝מִכֻּלָּ֗ם יַצִּילֶ֥נּוּ יְהוָֽה׃ ‬
Han vernar alle beina hans, ikkje eitt av dei vert brote.
שֹׁמֵ֥ר כָּל־עַצְמוֹתָ֑יו אַחַ֥ת מֵ֝הֵ֗נָּה לֹ֣א נִשְׁבָּֽרָה׃ ‬
Det vonde drep den gudlause, og dei som hatar den rettferdige, vert dømde skuldige.
תְּמוֹתֵ֣ת רָשָׁ֣ע רָעָ֑ה וְשֹׂנְאֵ֖י צַדִּ֣יק יֶאְשָֽׁמוּ׃ ‬
Herren løyser ut sjela til tenarane sine, og ingen av dei som søkjer tilflukt hos han, vert dømde skuldige.
פּוֹדֶ֣ה יְ֭הוָה נֶ֣פֶשׁ עֲבָדָ֑יו וְלֹ֥א יֶ֝אְשְׁמ֗וּ כָּֽל־הַחֹסִ֥ים בּֽוֹ׃ ‬