1. KrønikebokKapittel 18

Ei tid etter dette sigra David over filistrane og underkua dei. Han tok Gat med landsbyane som høyrde til, frå filistrane.
Han sigra òg over Moab, og moabittane vart tenarar under David og måtte betala skatt til han.
David sigra over Hadadeser, kongen i Soba, ved Hamat, då han drog av stad for å sikra makta si ved Eufrat-elva.
David tok frå han tusen stridsvogner, sju tusen ryttarar og tjue tusen fotfolk. David skar over hasane på alle vognhestane, men sparte hundre av dei.
Aramarane frå Damaskus kom for å hjelpa Hadadeser, kongen i Soba, men David slo ned tjueto tusen av dei.
Så sette David inn troppar i Damaskus, og aramarane vart tenarar under David og måtte betala skatt. Herren gav David siger overalt der han drog.
David tok gullskjoldane som tenarane til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
Frå Tibhat og Kun, byar som høyrde til Hadadeser, tok David ei stor mengd bronse. Av denne laga Salomo seinare bronsehavet, søylene og bronsekara.
Då Tou, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde slege heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,
sende han son sin Hadoram til kong David for å helsa han og velsigna han fordi han hadde kjempa mot Hadadeser og slege han. For Hadadeser hadde vore i krig med Tou. Hadoram hadde med seg alle slags ting av gull, sølv og bronse.
Også desse vigde kong David til Herren, saman med sølvet og gullet han hadde teke frå alle folka: frå Edom, Moab, ammonittane, filistrane og amalekittane.
Absjai, son til Seruja, slo atten tusen edomittar i Saltdalen.
David sette inn troppar i Edom, og alle edomittane vart tenarar under David. Herren gav David siger overalt der han drog.
David var konge over heile Israel, og han sørgde for rett og rettferd for heile folket sitt.
Joab, son til Seruja, var hærførar. Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.
Sadok, son til Ahitub, og Ahimelek, son til Ebjatar, var prestar. Sjavsja var skrivar.
Benaja, son til Jojada, var over kretarane og pletarane. Sønene til David var dei fremste ved sida av kongen.