2. MosebokKapittel 11

Herren sa til Moses: «Endå ei plage skal eg la koma over farao og over Egypt. Deretter skal han senda dykk bort herifrå. Når han sender dykk bort, skal han driva dykk heilt ut herifrå.
Tal no til folket og sei at kvar mann skal be grannen sin, og kvar kvinne skal be grannekona si, om ting av sølv og ting av gull.»
Og Herren lét folket finna velvilje hos egyptarane. Moses var òg ein høgt akta mann i Egypt, både hos tenarane til farao og hos folket.
Moses sa: «Så seier Herren: Ved midnatt går eg ut midt gjennom Egypt.
Og alle førstefødde i Egypt skal døy, frå den førstefødde hos farao som sit på trona, til den førstefødde hos slavekvinna som står ved kvernsteinen, og alle førstefødde av feet.
Men mot israelittane skal ikkje ein hund røra tunga si, korkje mot folk eller fe. Slik skal de få vita at Herren gjer skilnad mellom Egypt og Israel.
Då skal alle desse tenarane dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Dra ut, du og heile folket som følgjer deg! Først då skal eg dra ut.» Så gjekk han frå farao i brennande vreide.
Herren sa til Moses: «Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, så mine under kan bli mange i Egypt.»
Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren herda hjartet til farao, og han sende ikkje israelittane ut or landet sitt.