2. TimoteusKapittel 4

Eg legg det inntrengande på hjarta ditt framfor Gud og Kristus Jesus, han som skal døma levande og døde, ved hans openberring og hans rike:
Forkynn ordet! Ver klar i tide og utide. Refs, iretteset og forman, med alt tolmod og undervisning.
For det skal koma ei tid då dei ikkje vil tola den sunne læra, men etter sine eigne lyster skal dei samla seg lærarar i hopetal, dei som klør dei i øyra.
Dei skal venda øyra bort frå sanninga og venda seg til mytar.
Men ver du nøktern i alle ting, lid det som vondt er, gjer gjerning som ein evangelist, og fullfør tenesta di.
For eg vert alt ofra som drikkoffer, og tida for min bortgang er komen.
Eg har stridt den gode striden, eg har fullført løpet, eg har halde fast på trua.
No ligg rettferdskransen klar til meg. Herren, den rettferdige domaren, skal gje meg han på den dagen – og ikkje berre meg, men alle som har elska hans openberring.
Gjer det du kan for å koma snart til meg.
For Demas har forlate meg fordi han fekk kjærleik til den noverande verda, og han har reist til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia.
Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem, for han er nyttig for meg i tenesta.
Tykikus har eg sendt til Efesos.
Når du kjem, ta med kappa som eg let att i Troas hos Karpos, og bøkene, særleg pergamenta.
Aleksander, kopparsmeden, har vist meg mykje vondt. Måtte Herren gje han att etter gjerningane hans!
Du må òg vakta deg for han, for han har stått sterkt imot orda våre.
Ved mitt første forsvar var det ingen som stod med meg, men alle forlét meg. Måtte det ikkje verta tilrekna dei!
Men Herren stod med meg og styrkte meg, så forkynninga gjennom meg kunne fullførast, og alle folkeslaga kunne høyra. Og eg vart fria frå løvegapet.
Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han vere æra i all æve, amen!
Hels Priska og Akvilas og huslyden til Onesiforos.
Erastos vart att i Korint, og Trofimos let eg att i Milet, for han var sjuk.
Gjer det du kan for å koma før vinteren. Eubulos helsar deg, og det same gjer Pudens, Linus, Klaudia og alle syskena.
Herren vere med ånda di. Nåden vere med dykk.