EfeserneKapittel 3

Difor er det eg, Paulus, som er fange for Kristus Jesus for dykkar skuld, de heidningfolk —
om de då har høyrt om forvaltinga av den Guds nåde som vart gjeven meg med tanke på dykk:
Ved openberring vart løyndomen gjord kjend for meg, slik eg alt har skrive kort om.
Når de les dette, kan de skjøna den innsikta eg har i Kristi løyndom.
Denne løyndomen var ikkje gjord kjend for menneskeborn i tidlegare slekter, slik han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden.
Løyndomen er at heidningfolka er medarvingar, høyrer til same lekamen og har del i lovnaden i Kristus Jesus gjennom evangeliet.
Eg vart ein tenar for dette evangeliet ved den gåva av Guds nåde som vart gjeven meg ved verknaden av hans kraft.
Eg som er den ringaste av alle dei heilage, fekk denne nåden: å forkynna den uransakelege rikdomen i Kristus for heidningfolka,
og å lysa opp for alle kva planen er med løyndomen som frå evige tider har vore løynd i Gud, han som skapte alle ting.
Slik skulle den mangfaldige visdomen åt Gud no gjerast kjend gjennom kyrkja for maktene og styresmaktene i himmelrommet,
etter den evige rådgjerda han fullførte i Kristus Jesus, vår Herre.
I han har vi frimod og tilgang med tillit gjennom trua på honom.
Difor bed eg dykk om ikkje å mista motet på grunn av dei trengslene mine for dykkar skuld, for det er dykkar ære.
Difor bøyer eg mine kne for Far,
han som kvart farsnamn i himmelen og på jorda skriv seg frå.
Eg bed om at han etter sin rike herlegdom må gje dykk å verta styrkte med kraft ved sin Ande i det indre mennesket,
så Kristus ved trua kan bu i hjarta dykkar. Og eg bed om at de må vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik,
så de saman med alle dei heilage kan makta å fatta breidda og lengda og høgda og djupna,
ja, kjenna Kristi kjærleik som går ut over all kunnskap, så de kan verta fylte med heile Guds fylde.
Han som med si kraft verkar i oss og kan gjera uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om eller forstår,
han vere ære i kyrkja og i Kristus Jesus gjennom alle slekter i all æve! Amen.