Kaleb var en av de tolv spionene som Moses sendte til Kanaan. Sammen med Josva var han den eneste som hadde tro på at Israel kunne innta landet. Som belønning fikk han og Josva som eneste av sin generasjon entre det lovede land. I en alder av 85 år ba han om å få erobre Hebron.
9Berre gjer ikkje opprør mot Herren! Og ver ikkje redde for folket i landet, for dei er brød for oss. Vernet deira har vike frå dei, og Herren er med oss. Ver ikkje redde for dei!»
24Men tenaren min Kaleb, fordi det var ein annan ande i han og han følgde meg heilhjarta, han vil eg føra inn i landet han kom til, og ætta hans skal eiga det.
10Og no, sjå, Herren har halde meg i live, slik han lova. Det er no førtifem år sidan Herren sa dette til Moses, medan Israel vandra i øydemarka. Og no, sjå, eg er i dag åttifem år gammal.
11Eg er framleis like sterk i dag som den dagen Moses sende meg ut. Som krafta mi var den gongen, slik er ho no, både til krig og til å fara ut og inn.
12Så gjev meg no dette fjellandet som Herren tala om den dagen. For du høyrde den dagen at anakittane bur der, og at byane er store og befesta. Kanskje vil Herren vera med meg, så eg kan driva dei ut, slik Herren har sagt.»