4. MosebokKapittel 26

«Tel heile Israelslyden, alle som er tjue år og eldre, etter ættene deira, alle som kan gå ut i strid i Israel.»
«Tel alle frå tjue år og oppover, slik Herren hadde bode Moses.» Israelittane som hadde drege ut frå Egypt, var desse:
Ruben var førstefødde son til Israel. Rubens søner var: Hanok, stamfar til hanokittane, Pallu, stamfar til palluittane,
Hesron, stamfar til hesronittane, og Karmi, stamfar til karmittane.
Sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var den same Datan og Abiram, dei utkalla i lyden, som sette seg opp mot Moses og Aron saman med Korahs flokk då dei gjorde opprør mot Herren.
Jorda opna gapet sitt og slukte dei saman med Korah, då flokken døydde og elden fortærde dei 250 mennene. Dei vart til eit åtvarande teikn.
Sønene til Simeon etter ættene sine var: Nemuel, stamfar til nemuelittane, Jamin, stamfar til jaminittane, Jakin, stamfar til jakinittane,
Sønene til Gad etter ættene sine var: Sefon, stamfar til sefonittane, Haggi, stamfar til haggittane, Sjuni, stamfar til sjunittane,
Osni, stamfar til osnittane, Eri, stamfar til erittane,
Arod, stamfar til arodittane, og Areli, stamfar til arelittane.
Dette var ættene til Gads søner. Dei som vart talde, var 40 500.
Sønene til Juda etter ættene sine var: Sjela, stamfar til sjelanittane, Peres, stamfar til peresittane, og Serah, stamfar til serahittane.
Sønene til Jissakar etter ættene sine var: Tola, stamfar til tolaittane, Puvva, stamfar til punittane,
Jasjub, stamfar til jasjubittane, og Sjimron, stamfar til sjimronittane.
Sønene til Sebulon etter ættene sine var: Sered, stamfar til seredittane, Elon, stamfar til elonittane, og Jahleel, stamfar til jahleelittane.
Dette var ættene til sebulonittane. Dei som vart talde, var 60 500.
Sønene til Manasse var: Makir, stamfar til makirittane. Makir var far til Gilead. Gilead var stamfar til gileadittane.
Dette var sønene til Gilead: Ieser, stamfar til ieserittane, Helek, stamfar til helekittane,
Asriel, stamfar til asrielittane, Sikem, stamfar til sikemittane,
Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer. Døtrene til Selofhad heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
Dette var sønene til Efraim etter ættene sine: Sjutelah, stamfar til sjutelahittane, Beker, stamfar til bekerittane, og Tahan, stamfar til tahanittane.
Dette var ættene til Efraims søner. Dei som vart talde, var 32 500. Dette var sønene til Josef etter ættene sine.
Sønene til Benjamin etter ættene sine var: Bela, stamfar til belaittane, Asjbel, stamfar til asjbelittane, Ahiram, stamfar til ahiramittane,
Sønene til Bela var Ard og Naaman. Ard var stamfar til ardittane, og Naaman stamfar til naamanittane.
Dette var sønene til Dan etter ættene sine: Sjuham, stamfar til sjuhamittane. Dette var ættene til Dan.
Alle ættene til sjuhamittane, dei som vart talde, var 64 400.
Sønene til Asjer etter ættene sine var: Jimna, stamfar til jimnittane, Jisjvi, stamfar til jisjvittane, og Beria, stamfar til beriittane.
Sønene til Beria var: Heber, stamfar til heberittane, og Malkiel, stamfar til malkielittane.
Dottera til Asjer heitte Serah.
Sønene til Naftali etter ættene sine var: Jahseel, stamfar til jahseelittane, Guni, stamfar til gunittane,
Dette var dei av Israels søner som vart mønstra: 601 730.
Til ei stor ætt skal du gje ein stor arv, og til ei lita ætt ein liten arv. Kvar ætt skal få arv etter talet på dei som vart talde.
Ved loddtrekking skal arven delast ut, anten det gjeld ei stor eller ei lita ætt.
Dette var dei av levittane som vart talde etter ættene sine: Gersjon, stamfar til gersjunittane, Kehat, stamfar til kehatittane, og Merari, stamfar til merarittane.
Dette var ættene til Levi: libnittane, hebronittane, mahlittane, musjittane og korahittane. Kehat var far til Amram.
Kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi, fødd åt han i Egypt. Ho fødde Aron, Moses og syster deira Mirjam til Amram.
Dei som vart talde av dei, var 23 000, alle menn frå éin månad og oppover. Dei vart ikkje talde saman med dei andre israelittane, for dei fekk ikkje arv mellom Israels søner.
Dette var dei som Moses og presten Elasar talde då dei mønstra israelittane på Moab-slettene ved Jordan, rett imot Jeriko.
Mellom desse var det ingen av dei som Moses og presten Aron hadde talt då dei mønstra israelittane i Sinai-ørkenen.
For Herren hadde sagt om dei: «Dei skal døy i ørkenen.» Det var ingen att av dei utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.