Ussia, også kalt Asarja, var konge over Juda i 52 år og en av de lengst regjerende kongene. Han var en mektig og fremgangsrik konge som styrket Juda militært og økonomisk, men hans hovmod førte til at han ble slått med spedalskhet da han forsøkte å brenne røkelse i tempelet, en oppgave forbeholdt prestene.
11Ussia hadde ein hær av krigarar som drog ut i kamp i avdelingar, mønstra etter tal av skrivaren Jeiel og tilsynsmannen Maaseja, under leiing av Hananja, ein av hovdingane til kongen.
10Han bygde òg tårn i øydemarka og hogg ut mange brunnar, for han hadde mykje buskap både i låglandet og på slettene. Han hadde bønder og vingardsarbeidarar i fjella og på Karmel, for han elska jorda.
16Men då han hadde vorte mektig, vart hjartet hans hovmodig, så han handla til sin eigen undergang. Han handla treulaust mot Herren sin Gud og gjekk inn i tempelet til Herren for å brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.
18Dei stod opp mot kong Ussia og sa til han: «Det er ikkje di sak, Ussia, å brenna røykjelse for Herren! Det er prestane, Arons søner, som er vigde til å brenna røykjelse. Gå ut frå heilagdomen, for du har handla treulaust, og det blir deg ikkje til ære frå Herren Gud.»
19Då vart Ussia rasande. Han hadde eit røykjelseskar i handa for å brenna røykjelse. Og medan han rasa mot prestane, braut hudsykdom ut i panna hans, framfor auga på prestane i Herrens hus, ved røykjelsesaltaret.
20Øvstepresten Asarja og alle prestane vende seg mot han, og sjå, han hadde hudsykdom i panna. Dei skunda han ut derifrå, og sjølv skunda han seg òg med å koma ut, for Herren hadde slege han.
21Kong Ussia hadde hudsykdom til sin døyande dag. Han budde i eit hus for seg sjølv med hudsykdomen, for han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, styrte kongehuset og dømde folket i landet.
23Ussia la seg til kvile hos fedrane sine, og dei gravla han hos fedrane hans på gravjorda som høyrde kongane til, for dei sa: «Han har hudsykdom.» Og Jotam, son hans, vart konge etter han.