SakarjaKapittel 3

Så viste han meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel. Satan stod ved høgre sida hans for å føra klagemål mot han.
Herren sa til Satan: «Måtte Herren refse deg, Satan! Måtte Herren, som har valt ut Jerusalem, refse deg! Er ikkje denne mannen ein brannstikke som er rykt ut or elden?»
Josva var kledd i skitne klede medan han stod framfor engelen.
Engelen tok til orde og sa til dei som stod framfor han: «Ta dei skitne kleda av han!» Så sa han til Josva: «Sjå, eg har teke bort syndeskulda di frå deg og kler deg i høgtidsklede.»
Då sa eg: «Lat dei setja ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette den reine turbanen på hovudet hans og kledde han i klede, medan Herrens engel stod der.
Herrens engel formana Josva og sa:
«Så seier Herren over hærskarane: Om du går på mine vegar og held det eg har fastsett, skal du få styra mitt hus og vakta mine føregardar. Og eg vil gje deg fri tilgang mellom dei som står her.
Høyr no, øvsteprest Josva! Du og vennene dine som sit framfor deg, de er menn som er eit teikn. For sjå, eg lèt tenaren min Spire koma.
For sjå den steinen eg har lagt framfor Josva! På denne eine steinen er det sju auge. Sjå, eg skal rissa inn ei innskrift på han, seier Herren over hærskarane, og eg skal ta bort syndeskulda i dette landet på éin einaste dag.
Den dagen, seier Herren over hærskarane, skal de be kvarandre koma og sitja under vinranke og fikentre.»