JesajaKapittel 29

Ve deg, Ariel, Ariel, byen der David slo leir! Legg år til år, lat høgtidene gå sin rundgang.
Men eg vil trengja Ariel, og det skal verta klage og sorg. Ho skal verta for meg som eit altareld.
Eg vil slå leir rundt deg, eg vil kringsetta deg med vakttårn og reisa beleringsverk mot deg.
Då skal du tala lågt frå jorda, og orda dine skal koma dempa frå støvet. Røysta di skal vera som ei ånderøyst frå jorda, og frå støvet skal talen din kviskra.
Men mengda av fiendane dine skal verta som fint støv, og hopen av valdsmenn som flygande agner. Det skal skje brått, på eit augeblink.
Frå Herren over hærskarane skal det koma heimsøking med torebrak og jordskjelv og veldig drøn, med storm og kvervelvind og logande eld som fortærer.
Som ein draum, eit syn om natta, skal det verta med mengda av alle folkeslaga som strir mot Ariel, alle som krigar mot henne og festningsverka hennar, og som trengjer henne.
Det skal vera som når ein svolten drøymer at han et, men vaknar med tom mage, eller som når ein tyrst drøymer at han drikk, men vaknar utmatta og lengtande. Slik skal det gå med mengda av alle folkeslaga som strir mot Sion-fjellet.
Dryg og ver forundra! Gjer dykk blinde og ver blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ravlar, men ikkje av sterk drikk.
Han har attlukka augo dykkar – profetane, og han har tildekt hovuda dykkar – sjåarane.
Og heile openberringa har vorte for dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som kan lesa og seier: «Les dette!» – så svarar han: «Eg kan ikkje, for ho er forsegla.»
Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa og seier: «Les dette!» – så svarar han: «Eg kan ikkje lesa.»
Herren seier: Fordi dette folket kjem nær med munnen og ærar meg med leppene, men hjartet deira er langt borte frå meg, og gudsfrykta deira berre er menneskebod som er lærde utanåt –
sjå, difor vil eg halda fram med å gjera underverk med dette folket, underlege og forunderlege ting. Visdomen åt dei vise skal gå til grunne, og forstanden åt dei forstandige skal gøyma seg bort.
Ve dei som går djupt ned for å gøyma planane sine for Herren! I mørkret gjer dei gjerningane sine og seier: «Kven ser oss? Kven kjenner oss?»
Kor forvrengde de er! Skal pottemakaren reknast lik leira? Skal verket seia om meisteren: «Han har ikkje laga meg»? Eller skal det som er forma, seia om han som forma det: «Han forstår ikkje»?
Er det ikkje berre ei lita stund att før Libanon skal venda om til fruktbar mark, og den fruktbare marka skal reknast som skog?
Den dagen skal dei døve høyra orda i boka, og ut or mørker og skodde skal augo til dei blinde sjå.
Dei audmjuke skal atter gleda seg i Herren, og dei fattigaste mellom menneska skal jubla over Israels Heilage.
For valdsmannen skal vera borte, spottaren skal ta slutt, og alle som er ute etter urett, skal rydjast ut –
dei som gjer menneske til syndarar for eit ord, dei som set snarer for den som talar rett i porten, og dei som med tomme påskot støyter den rettferdige bort.
Difor seier Herren til Jakobs hus, han som fria ut Abraham: No skal Jakob ikkje lenger skjemmast, og no skal ikkje andletet hans lenger blekna.
For når han ser borna sine, verket av mine hender, midt i seg, då skal dei halda namnet mitt heilagt. Dei skal halda Jakobs Heilage heilag og frykta Israels Gud.
Dei som fer vilt i ånda, skal få forstand, og dei som knotrar, skal læra visdom.