Ikabod var sønn av Pinhas og barnebarn av presten Eli. Han ble født den dagen paktens ark ble tatt av filisterne og hans far og bestefar døde. Hans navn betyr «æren er borte fra Israel», gitt av hans døende mor som symbol på tapet av Guds herlighet.
2Filistrane stilte seg opp til strid mot Israel. Kampen breidde seg ut, og Israel vart slegne av filistrane. Dei felte om lag fire tusen mann på slagmarka.
3Då folket kom attende til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor lét Herren oss verta slått av filistrane i dag? Lat oss henta paktkista til Herren frå Sjilo, så ho kan koma midt iblant oss og frelsa oss frå fiendane våre.»
4Så sende folket bod til Sjilo, og dei henta paktkista til Herren over hærskarane, han som tronar over kerubane. Dei to sønene til Eli, Hofni og Pinehas, var der med paktkista til Gud.
13Då han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og heldt utkikk, for hjartet hans skalv av uro for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen og fortalde nyheitene, skreik heile byen.
17Bodberaren svara: «Israel har rømt for filistrane, og folket har lidd eit stort nederlag. Dei to sønene dine, Hofni og Pinehas, er døde, og Guds paktkiste er teken.»
18Då han nemnde Guds paktkiste, fall Eli bakover av stolen attmed porten. Han braut nakken og døydde, for han var gamal og tung. Han hadde vore dommar i Israel i førti år.
19Svigerdottera hans, kona til Pinehas, var med barn og nær ved å føda. Då ho høyrde bodskapen om at Guds paktkiste var teken, og at svigerfaren og mannen hennar var døde, seig ho saman og fødde, for riene kom brått over henne.
3Ahia, son til Ahitub, bror til Ikabod, son til Pinhas, son til Eli, var prest for Herren i Sjilo og bar efoden. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.