RomerneKapittel 9

Eg talar sanning i Kristus, eg lyg ikkje. Samvitet mitt vitnar med meg i Den heilage ande,
at eg har ei stor sorg og ei stadig smerte i hjartet mitt.
For eg skulle ønskje at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus for brørne mine, mine eigne landsmenn etter kjøtet.
Dei er israelittar. Dei har barnekåret og herlegdomen og paktene og lovgjevinga og tempeltenesta og lovnadene.
Dei har fedrane, og frå dei stammar Kristus etter kjøtet, han som er Gud over alle ting, velsigna i all æve. Amen.
Men det er ikkje slik at Guds ord har slått feil. For ikkje alle som stammar frå Israel, er verkeleg Israel.
Heller ikkje er alle Abrahams born fordi dei er hans ætt, men: «Gjennom Isak skal ætta di nemnast.»
Det vil seia: Det er ikkje borna etter kjøtet som er Guds born, men borna etter lovnaden vert rekna som ætt.
For dette er eit lovnadsord: «Ved denne tida skal eg koma, og då skal Sara ha ein son.»
Og ikkje berre det, men også Rebekka fekk born med éin og same mann, Isak, vår stamfar.
For før dei var fødde og hadde gjort noko godt eller vondt – for at Guds plan etter utveljinga skulle stå fast,
ikkje på grunn av gjerningar, men på grunn av han som kallar – vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste.»
Som det står skrive: «Jakob elska eg, men Esau hata eg.»
Kva skal vi då seia? Er det urett hos Gud? På ingen måte!
For han seier til Moses: «Eg vil miskunna den eg miskunnar, og eg vil forbarma meg over den eg forbarmar meg over.»
Så kjem det altså ikkje an på den som vil eller den som strevar, men på Gud som viser miskunn.
For Skrifta seier til farao: «Nettopp til dette reiste eg deg opp, for å visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal kunngjerast over heile jorda.»
Så viser han altså miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.
No vil du seia til meg: «Kvifor klandrar han då enno? For kven kan stå imot hans vilje?»
Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan det som er forma, seia til han som forma det: «Kvifor laga du meg slik?»
Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same deigen kan laga eitt kar til ære og eit anna til vanære?
Og om no Gud, som ville visa sin vreide og kunngjera si makt, med stort tolmod har bore over med vredekar som er laga til undergang,
og for å kunngjera sin herlegdoms rikdom over miskunnskar, som han på førehand har gjort ferdige til herlegdom –
det vil seia oss, som han har kalla, ikkje berre frå jødane, men også frå folkeslaga?
Som han også seier hos Hosea: «Det som ikkje var mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som ikkje var elska, vil eg kalla elska.»
«Og det skal skje: På den staden der det vart sagt til dei: 'De er ikkje mitt folk', der skal dei kallast søner av den levande Gud.»
Og Jesaja ropar ut over Israel: «Om talet på Israels born er som havets sand, skal berre ein rest verta frelst.»
For Herren skal fullføra og avkorta sitt ord på jorda.
Og som Jesaja tidlegare har sagt: «Hadde ikkje Herren Sebaot late ei ætt verta att for oss, så hadde vi vorte som Sodoma og likna Gomorra.»
Kva skal vi då seia? At heidningar som ikkje jaga etter rettferd, har fått rettferd, den rettferda som kjem av tru.
Men Israel, som jaga etter rettferds lov, nådde ikkje fram til lova.
Kvifor? Fordi dei ikkje søkte ved tru, men som om det var ved gjerningar. Dei snubla over snublesteinen,
som det står skrive: «Sjå, eg legg i Sion ein snublestein og eit berg til fall, og den som trur på han, skal ikkje verta til skamme.»