1. SamuelKapittel 21

Så reiste han seg og gjekk, medan Jonatan drog inn i byen.
David kom til Nob, til presten Ahimelek. Ahimelek kom skjelvande mot David og sa til han: «Kvifor er du åleine, og ingen er med deg?»
David svara presten Ahimelek: «Kongen har gjeve meg eit oppdrag og sa til meg: 'Ingen må få vita noko om det oppdraget eg sender deg ut på, og det eg har bode deg.' Eg har avtalt med tenarane mine å møtast på ein viss stad.
Kva har du no for handa? Gjev meg fem brød, eller det som finst.»
Presten svara David og sa: «Eg har ikkje vanleg brød for handa, berre heilagt brød – om berre mennene har halde seg borte frå kvinner.»
David svara presten og sa til han: «Vi har sanneleg halde oss borte frå kvinner, som alltid når eg dreg ut. Kroppane til mennene er reine, sjølv om dette er ei vanleg ferd – og kor mykje meir i dag, når brødet vert helga i karet!»
Så gav presten han det heilage brødet, for det fanst ikkje anna brød der enn skodebrøda som var tekne bort frå Herrens åsyn, for å setja fram varmt brød den dagen dei vart tekne bort.
Den dagen var det ein av Sauls tenarar som var halden tilbake for Herrens åsyn. Han heitte Doeg, ein edomitt, den fremste av gjetarane til Saul.
David sa til Ahimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her for handa? For eg tok korkje sverdet mitt eller andre våpen med meg, fordi oppdraget frå kongen hasta.»
Presten svara: «Sverdet til filistaren Goliat, han du slo ned i Eikadalen, ligg her sveipt i eit klede bak efoden. Om du vil ta det, så ta det, for det finst ikkje noko anna her.» David sa: «Det finst ikkje maken til det. Gjev meg det!»
David braut opp og flykta same dagen frå Saul. Han kom til Akisj, kongen i Gat.
Tenarane til Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje han dei song om i dansen og sa: 'Saul har slege sine tusen, og David sine ti tusen'?»
David la seg desse orda på hjartet og vart svært redd for Akisj, kongen i Gat.
Han forandra veremåten sin framfor dei og lest som han var galen medan han var i hendene deira. Han rissa på dørene i porten og let siklet renna ned i skjegget.
Akisj sa til tenarane sine: «Sjå, mannen er galen! Kvifor fører de han til meg?
Manglar eg galne folk, sidan de kjem med denne mannen for å oppføra seg gale framfor meg? Skal han koma inn i huset mitt?»