FilipperneKapittel 2

Vis hymnenFra Guds skikkelse til korsets død
Om det finst nokon trøyst i Kristus, nokon oppmuntring i kjærleiken, noko fellesskap i Anden, nokon medkjensle og miskunn,
så gjer gleda mi fullkomen: Ver eitt i tanke og sinn, ha den same kjærleiken, stå saman med eitt mål for auge.
Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller tom æresjuke, men ver audmjuke og set andre høgare enn dykk sjølve.
Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men også på det som er best for andre.
Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus:
Han var i Guds skapnad, men rekna ikkje det å vera Gud lik som noko å halda fast på.
Nei, han tømde seg sjølv, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Og då han i det ytre var funnen som eit menneske,
fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
Difor har Gud opphøgd han til det høgste og gjeve han namnet som er over alle namn,
så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda,
og kvar tunge skal vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære.
Difor, mine kjære, liksom de alltid har vore lydige – ikkje berre når eg var hos dykk, men endå meir no når eg er borte – arbeid på dykkar eiga frelse med ærefrykt og age.
For det er Gud som verkar i dykk, både viljen og gjerningen, etter sin gode vilje.
Gjer alt utan knurring og motmæle,
så de kan vera ulastelege og reine, Guds born utan feil midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som lyskjelder i verda,
medan de held fast på livets ord. Då kan eg rosa meg på Kristi dag av at eg ikkje har sprunge fåfengt eller arbeidd fåfengt.
Ja, sjølv om eg blir utrend som drikkoffer over offeret og gudstenesta som trua dykkar ber fram, så er eg glad og gleder meg saman med dykk alle.
På same vis skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.
Eg vonar i Herren Jesus å snart kunna senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får vita korleis det går med dykk.
For eg har ingen annan med same sinnelaget, som verkeleg bryr seg om korleis de har det.
Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til.
Men de veit at Timoteus har stått si prøve, og at han som ein son med far sin har tent saman med meg for evangeliet.
Han vonar eg difor å senda så snart eg ser korleis det går med saka mi.
Og eg er viss på i Herren at eg sjølv òg snart skal koma.
Men eg meinte det var naudsynt å senda Epafroditus til dykk, han som er bror min, medarbeidar og medstridsmann, og dykkar utsending som har hjelpt meg med det eg trong.
For han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.
Ja, han var verkeleg sjuk, nær døden. Men Gud var miskunnsam mot han, og ikkje berre mot han, men òg mot meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.
Difor sender eg han endå fortare, så de kan gleda dykk når de ser han att, og eg kan ha mindre sorg.
Ta imot han i Herren med stor glede, og hald slike folk i ære.
For det var for Kristi verk han kom døden nær. Han sette livet på spel for å fullføra den tenesta for meg som de ikkje sjølve kunne gjera.