RomerneKapittel 11

Så spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? På ingen måte! For eg er sjølv israelitt, av Abrahams ætt, av Benjamins stamme.
Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han kjende frå før. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier om Elia, korleis han klagar til Gud mot Israel:
«Herre, profetane dine har dei drepe, altara dine har dei rive ned. Eg åleine er att, og no står dei meg etter livet.»
Men kva svarar guddomsordet han? «Eg har spart sju tusen mann åt meg sjølv, som ikkje har bøygd kne for Baal.»
På same måten finst det òg i vår tid ein rest som er utvald av nåde.
Men er det av nåde, så er det ikkje lenger av gjerningar. Elles ville nåden ikkje lenger vera nåde.
Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd. Men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre vart forherde,
slik det står skrive: «Gud gav dei ei sløvingsånd, augo som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer, heilt til denne dag.»
Og David seier: «Lat bordet deira bli til snare og felle, til snublestein og gjengjeld for dei.
Lat augo deira formørkast så dei ikkje ser, og bøy ryggen deira for alltid.»
Så spør eg: Snubla dei for å falla heilt? På ingen måte! Men ved fallet deira kom frelsa til heidningane, for å gjera dei misunnelege.
Når no fallet deira er rikdom for verda, og tapet deira er rikdom for heidningfolka, kor mykje meir vil ikkje då fulltalet deira vera!
Det er til dykk heidningar eg talar. Så lenge eg er apostel for heidningane, ærar eg tenesta mi,
om eg kanskje kan gjera mitt eige folk misunnelege og frelsa nokre av dei.
For når det at dei vart forkasta, førte til forsoning for verda, kva vil då det bli at dei blir mottekne att, om ikkje liv av døde?
Er førstegrøda heilag, er heile deigen det òg. Og er rota heilag, er greinene det òg.
Men om nokre av greinene vart brotne av, og du som er ei vill oljegrein, vart poda inn blant dei og fekk del i den feite rota på oliventreet,
så hovmod deg ikkje over greinene! Men om du gjer det: Det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.
Kanskje du seier: «Greinene vart brotne av for at eg skulle bli poda inn.»
Det er sant. Ved vantru vart dei brotne av, og du står ved tru. Ver ikkje hovmodig, men ottast!
For sparte ikkje Gud dei naturlege greinene, vil han heller ikkje spara deg.
Sjå då Guds godleik og strengleik: Strengleik mot dei som fall, men Guds godleik mot deg, dersom du held fram i hans godleik. Elles blir du òg hoggen av.
Og dei andre vil òg bli poda inn, om dei ikkje held fram i vantrua. For Gud har makt til å poda dei inn att.
For vart du hoggen av frå det ville oliventreet du av naturen høyrde til, og mot naturen poda inn i eit godt oliventre, kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene bli poda inn att i sitt eige oliventre!
Brør, eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, så de ikkje skal vera sjølvkloke: Forherding har delvis kome over Israel, heilt til fulltalet av heidningane har kome inn.
Og slik skal heile Israel bli frelst, som det står skrive: «Frå Sion skal friaren koma, han skal venda gudløysa bort frå Jakob.»
«Og dette er mi pakt med dei, når eg tek bort syndene deira.»
Når det gjeld evangeliet, er dei fiendar for dykkar skuld. Men når det gjeld utveljinga, er dei elska for fedrane si skuld.
For Guds nådegåver og kall kan ikkje takast tilbake.
For liksom de ein gong var ulydige mot Gud, men no har fått miskunn på grunn av deira ulydnad,
slik har no òg desse vore ulydige mot den miskunn de har fått, for at dei no òg skal få miskunn.
For Gud har innestengd alle i ulydnad, så han kunne miskunna alle.
Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans domar er, og kor ugranskande hans vegar!
For kven har kjent Herrens sinn? Eller kven har vore rådgjevaren hans?
Eller kven har gjeve han noko først, så han skulle få vederlag?
For av han og ved han og til han er alle ting. Han vere æra i all æve! Amen.