RomerneKapittel 2

Difor er du utan unnskyldning, du menneske som dømer. For når du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv, sidan du som dømer, gjer det same.
Vi veit at Guds dom i sanning rammar dei som gjer slikt.
Men du, menneske, som dømer dei som gjer slikt og likevel gjer det same sjølv – trur du at du skal sleppa unna Guds dom?
Eller foraktar du rikdomen av hans godleik, tolmod og langmod? Forstår du ikkje at Guds godleik vil føra deg til omvending?
Men med hardnakka og ubotferdig hjarte hopar du opp vreide over deg sjølv til vreidedagen, når Guds rettferdige dom skal openberrast.
Han skal gje kvar ein att etter gjerningane sine.
Dei som med tolmod i god gjerning søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv.
Men over dei som er sjølviske og ikkje lyder sanninga, men følgjer uretten, kjem vreide og harme.
Trengsle og naud skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar.
Men herlegdom, ære og fred skal koma til kvar den som gjer det gode, jøde først og så grekar.
For Gud gjer ikkje forskjell på folk.
Alle som har synda utan lova, skal òg gå fortapt utan lova. Og alle som har synda under lova, skal dømmast etter lova.
For det er ikkje dei som høyrer lova, som er rettferdige for Gud, men dei som gjer det lova seier, skal verta rettferdiggjorde.
For når heidningfolk som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei si eiga lov, endå dei ikkje har lova.
Dei viser at det lova krev, er skrive i hjarta deira. Samvitet deira vitnar med, medan tankane deira innbyrdes klagar eller forsvarar dei.
Dette skal skje på den dagen då Gud ved Kristus Jesus dømer det løynde hjå menneska, slik evangeliet mitt forkynner.
Men du som kallar deg jøde og kviler trygt på lova og rosar deg av Gud,
du som kjenner hans vilje og kan prøva det som det kjem an på, fordi du er opplærd i lova,
du som er viss på at du er rettleiar for blinde, eit lys for dei som er i mørker,
ein oppsedar for uvituge, ein lærar for umyndige, du som i lova har uttrykket for kunnskap og sanning –
du som lærer andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du?
Du som seier at ein ikkje skal driva hor, driv du hor? Du som avskyr avgudane, ranar du tempel?
Du som rosar deg av lova, vanærar du Gud ved å bryta lova?
For Guds namn vert spotta mellom folkeslaga på grunn av dykk, slik det står skrive.
Omskjeringa er til gagn om du held lova. Men er du ein lovbrytar, har omskjeringa di vorte til førehud.
Om då den uomskorne held boda i lova, skal ikkje då førehuden hans reknast som omskjering?
Og den som av naturen er uomskoren, men held lova, skal døma deg som med bokstav og omskjering bryt lova.
For jøde er ikkje den som er det i det ytre, og omskjering er ikkje det som er gjort i det ytre, på kroppen.
Men jøde er den som er det i det løynde, og omskjering er omskjering av hjarta, ved Anden, ikkje ved bokstaven. Han får si ros, ikkje frå menneske, men frå Gud.