KolosserneKapittel 1

Vis Kristus-hymnenDen usynlige Guds bilde
Paulus, apostel for Kristus Jesus etter Guds vilje, og Timoteus, bror vår,
til dei heilage i Kolossæ, dei truande syskena i Kristus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, Far vår.
Vi takkar alltid Gud, Far til vår Herre Jesus Kristus, når vi bed for dykk,
for vi har høyrt om trua dykkar på Kristus Jesus og om kjærleiken de har til alle dei heilage,
på grunn av vona som ligg ferdig for dykk i himmelen. Om denne har de alt høyrt gjennom sannordet i evangeliet
som er kome til dykk. I heile verda ber det frukt og veks, slik det òg gjer hos dykk, frå den dagen de høyrde det og verkeleg lærte å kjenna Guds nåde.
De lærte det av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.
Han har òg fortalt oss om kjærleiken dykkar i Anden.
Difor har vi heller ikkje halde opp med å be for dykk, heilt frå den dagen vi høyrde om det. Vi bed om at de må bli fylte med kunnskapen om hans vilje, med all visdom og åndeleg innsikt,
så de kan leva eit liv som er Herren verdig og fullt ut til glede for han, ved at de ber frukt i all god gjerning og veks i kunnskapen om Gud.
De skal styrkast med all kraft etter hans herlegdoms makt, til all uthald og tolmod, med glede,
medan de takkar Far, som har gjort dykk verdige til å få del i arven til dei heilage i lyset.
Han har fria oss ut frå mørkrets makt og flytta oss over til riket åt den Son han elskar.
I han har vi forløysinga, tilgjevinga for syndene.
Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde framfor alt det skapte.
For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, anten det er tronar eller herredøme, makter eller styresmakter. Alt er skapt ved han og til han.
Han er før alle ting, og i han held alle ting saman.
Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja. Han er opphavet, den førstefødde av dei døde, så han i alt skal vera den fremste.
For i han ville heile fylden bu,
og ved han forsona alle ting med seg sjølv, då han skapte fred gjennom blodet på krossen hans – ved han – anten det er det på jorda eller det i himmelen.
Også de, som ein gong var framandgjorde og fiendar i sinna dykkar på grunn av dei vonde gjerningane –
no har han forsona dykk i sin jordiske kropp gjennom døden, for å føra dykk fram heilage, utan feil og utan skuld for hans åsyn,
om de då blir ståande i trua, grunnfesta og støe, og ikkje let dykk rikka bort frå vona i evangeliet som de har høyrt, og som er forkynt for kvar skapning under himmelen. For dette evangeliet har eg, Paulus, vorte ein tenar.
No gleder eg meg i lidingane mine for dykk. Det som manglar av Kristi trengsel, fyller eg ut på min eigen kropp for kroppen hans, som er kyrkja.
For denne kyrkja har eg vorte ein tenar etter det forvaltaroppdraget frå Gud som er gjeve meg for dykkar skuld, for å fullføra Guds ord,
løyndomen som har vore løynd gjennom alle tidsaldrar og slekter, men no er openberra for dei heilage hans.
For dei ville Gud kunngjera kor rik og herleg denne løyndomen er blant folkeslaga: Kristus i dykk, vona om herlegdomen.
Han er det vi forkynner, medan vi formanar kvart menneske og lærer kvart menneske med all visdom, så vi kan føra fram kvart menneske fullkome i Kristus.
For dette arbeider eg og strider med den krafta hans som verkar i meg med makt.