SalmeneKapittel 7

Ein sjigajon av David, som han song for Herren om det som hende med Kusj, benjaminitten.
Herre, min Gud, hos deg søkjer eg tilflukt. Frels meg frå alle som forfølgjer meg, og berg meg!
Elles vil dei riva mi sjel i stykke som ei løve, slita henne sund utan at nokon kan berga.
Herre, min Gud, om eg har gjort dette, om det finst urett i mine hender,
om eg har lønt den som heldt fred med meg, med vondt, eller plyndra min motstandar utan grunn –
så lat fienden forfølgja meg og nå meg att, lat han trakka livet mitt ned i jorda og leggja mi ære i støvet. Sela
Reis deg, Herre, i din vreide! Stå opp mot raseriet til mine fiendar! Vakna for meg – du har fastsett dom!
Lat forsamlinga av folkeslag samla seg rundt deg, og vend attende til det høge over henne!
Herren dømer folka. Døm meg, Herre, etter mi rettferd og etter den uskuld som er over meg!
Lat vondskapen til dei gudlause ta slutt, men styrk den rettferdige! Du rettferdige Gud, du som prøver hjarte og nyrer.
Mitt skjold er hos Gud, han som frelser dei som er oppriktige i hjartet.
Gud er ein rettferdig dommar, ein Gud som viser vreide kvar dag.
Om han ikkje vender om, kvesser Gud sverdet sitt. Han spenner bogen sin og gjer han klar.
Han har gjort klart sine dødelege våpen, han gjer pilene sine til brennande piler.
Sjå, han går svanger med urett, ber på ulukke og føder løgn.
Han grev ei grav og gjer henne djup, men fell sjølv i den gropa han laga.
Hans ulukke kjem tilbake over hans eige hovud, hans vald kjem ned over hans eiga isse.
Eg vil takka Herren for hans rettferd og lovsyngja Herrens namn, Den Høgste.