FilipperneKapittel 3

Elles, mine sysken, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er ikkje tungt for meg, og for dykk er det trygt.
Pass dykk for hundane, pass dykk for dei vonde arbeidarane, pass dykk for sundskjeringa.
For det er vi som er dei verkeleg omskorne, vi som tener Gud i Anden, som rosar oss i Kristus Jesus og ikkje set vår lit til kjøtet.
Endå kunne eg setja mi lit til kjøtet. Om nokon annan meiner han kan setja si lit til kjøtet, kan eg det endå meir:
Omskoren på den åttande dagen, av Israels ætt, av Benjamins stamme, ein hebrear fødd av hebraerar, ein farisear når det gjeld lova,
når det gjeld iver, ein som forfølgde forsamlinga, når det gjeld rettferd etter lova, utan lyte.
Men det som var vinning for meg, det har eg rekna som tap for Kristi skuld.
Ja, eg reknar i sanning alt som tap på grunn av det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som avfall, så eg kan vinna Kristus
og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som kjem av lova, men med den rettferda som kjem ved tru på Kristus, rettferda frå Gud som kviler på trua.
Eg vil kjenna han og krafta i oppstoda hans og fellesskapen i lidingane hans, og bli forma lik han i døden hans,
om eg på noko vis kan nå fram til oppstoda frå dei døde.
Ikkje så at eg alt har nådd dette eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, sidan Kristus Jesus har gripe meg.
Sysken, eg reknar ikkje meg sjølv for å ha gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak og strekkjer meg mot det som ligg framfor.
Eg jagar mot målet, mot sigerskransen i det himmelske kallet frå Gud i Kristus Jesus.
Lat oss difor, alle vi som er mogne, tenkja slik. Og om de tenkjer annleis om noko, skal Gud openberra dette for dykk òg.
Berre lat oss halda fram på same vegen som vi alt har nådd.
Følg mitt føredøme saman med andre, sysken, og sjå på dei som lever etter det førebiletet de har i oss.
For mange vandrar slik – eg har ofte sagt det til dykk, og no seier eg det med tårer – dei er fiendar av Kristi kross.
Enden deira er fortaping, magen er guden deira, og æra deira er i skamma deira. Dei tenkjer berre på det jordiske.
Men vi har vårt borgarskap i himmelen, og derifrå ventar vi ein frelsar, Herren Jesus Kristus.
Han skal omforma vår låge kropp og gjera han lik sin herlege kropp, ved den krafta han har til å leggja alle ting under seg.