HoseaKapittel 6

Kom, lat oss venda attende til Herren! For han reiv sund, men han vil lækja oss. Han slo, men han vil forbinda oss.
Etter to dagar vil han gjera oss levande att, på den tredje dagen vil han reisa oss opp, så vi kan leva for hans andlet.
Lat oss kjenna Herren, lat oss ivra etter å kjenna han! Like visst som morgonroden bryt fram, kjem han til oss som regnet, som vårregnet som vatnar jorda.
Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda? Truskapen dykkar er som ei morgonsky, som dogg som tidleg kverv bort.
Difor har eg hogge dei ned gjennom profetane, eg drap dei med orda frå min munn. Dommen min går fram som lyset.
For eg vil ha trufast kjærleik og ikkje slaktoffer, kunnskap om Gud meir enn brennoffer.
Men dei har som Adam brote pakta, der har dei vore trulause mot meg.
Gilead er ein by full av illgjerningsfolk, tilsøla med blod.
Som røvarflokkar ligg på lur etter ein mann, slik gjer presteskapet. Dei myrdar på vegen til Sikem, ja, skammelege ting gjer dei.
I Israels hus har eg sett grufulle ting. Der driv Efraim hor, Israel har gjort seg urein.
Også for deg, Juda, er det fastsett ein haust, når eg vender lagnaden for folket mitt.