HoseaKapittel 5

Høyr dette, de prestar! Gjev akt, Israels hus! Lytt, du kongehus! For dommen gjeld dykk. De har vore ei snare for Mispa og eit utspent nett på Tabor.
Dei oprørske har søkkt djupt ned i slakting, men eg skal tukta dei alle.
Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynt for meg. For no har du drive hor, Efraim, og Israel har gjort seg urein.
Gjerningane deira let dei ikkje venda om til sin Gud, for ei horånd er i deira indre, og dei kjenner ikkje Herren.
Israels hovmod vitnar mot dei. Israel og Efraim skal snubla i si skuld, og Juda skal òg snubla med dei.
Med sauene og oksane sine skal dei gå for å søkja Herren, men dei skal ikkje finna han. Han har drege seg bort frå dei.
Mot Herren har dei vore trulause, for dei har født framande born. No skal nymånefesten fortæra dei saman med jordlodda deira.
Blås i horn i Gibea, i trompet i Rama! Rop varsel i Bet-Aven! Bak deg, Benjamin!
Efraim skal bli til øydemark på straffedagen. Mellom Israels stammar kunngjer eg det som er visst.
Judas leiarar har vorte som dei som flyttar grensesteinar. Over dei vil eg ausa ut min vreide som vatn.
Efraim er undertrykt, knust i retten, for han ville gjerne følgja tomme bod.
Eg er som møll for Efraim og som råte for Judas hus.
Då Efraim såg sjukdomen sin og Juda såg såret sitt, gjekk Efraim til Assyria og sende bod til kong Jareb. Men han kan ikkje lækja dykk og ikkje hela såret dykkar.
For eg er som ei løve for Efraim og som ein ungløve for Judas hus. Eg, ja eg, skal riva i stykke og gå bort. Eg skal føra bort, og ingen kan berga.
Eg vil gå bort og venda attende til staden min, til dei vedkjenner skulda si og søkjer mitt andlet. I nauda si skal dei leita etter meg.