Baruk var sønn av Neria og tjente som profeten Jeremias personlige skriver og sekretær. Han skrev ned Jeremias profetier på bokruller og leste dem offentlig, og forble trofast mot profeten gjennom forfølgelse og Jerusalems fall. Han fulgte Jeremia til Egypt etter babylonernes ødeleggelse av Jerusalem.
2«Ta deg ein bokrull og skriv på han alle dei orda eg har tala til deg om Israel, om Juda og om alle folkeslaga, frå den dagen eg tok til å tala til deg, frå Josjias dagar og fram til i dag.
3Kanskje Judas hus vil høyra om alt det vonde eg tenkjer å gjera mot dei, så dei kan venda om, kvar frå sin vonde veg, og eg kan tilgje synda og misgjerningane deira.»
4Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Nerija, og Baruk skreiv ned på ein bokrull alle Herrens ord som Herren hadde tala til han, etter det Jeremia sa.
9I det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, lyste dei ut ein faste for Herren for alt folket i Jerusalem og for alle som kom frå byane i Juda til Jerusalem.
10Då las Baruk opp frå boka det Jeremia hadde sagt, i Herrens hus, i rommet til Gemarja, son til skrivaren Sjafan, i den øvre føregarden, ved inngangen til den nye porten i Herrens hus, så alt folket høyrde det.
23Kvar gong Jehudi hadde lese tre eller fire spalter, skar han dei av med skrivarkniven og kasta dei på elden i kolpanna, til heile rullen var oppbrend i elden i kolpanna.
26Kongen gav Jerahme'el, kongssonen, og Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abde'el, ordre om å gripa skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men Herren hadde gøymt dei.
32Jeremia tok ein annan rull og gav han til skrivaren Baruk, son til Nerija. Han skreiv på han, etter det Jeremia sa, alle orda frå boka som Jojakim, kongen i Juda, hadde brent opp i elden. Og det vart lagt til mange fleire ord av same slag.
1Ordet som profeten Jeremia tala til Baruk, son til Nerija, då han skreiv desse orda i ei bok etter Jeremia sin munn, i det fjerde året til Jojakim, son til Josjia, kongen i Juda. Han sa:
5Og du søkjer store ting for deg sjølv? Søk det ikkje! For sjå, eg lèt ulukke koma over alt kjøt, seier Herren. Men eg vil la deg berga livet som krigsbytte, alle stader du måtte gå.
5Johanan, son til Kareach, og alle hærførarane tok med seg heile resten av Juda, dei som hadde kome tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vorte spreidde til, for å bu i Juda-landet:
6mennene og kvinnene og borna og kongsdøtrene og alle dei som Nebusaradan, kommandanten for livvakta, hadde late vera att hos Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, og profeten Jeremia og Baruk, son til Nerija.